Brit Kristin Nærheim

"2015 var det året då mannen min, Vidar, ungane og eg skulle flytte tilbake til heimgarden min. Eg skulle jobbe som lærar, Vidar skulle gå på landbruksskule og i hælane på far, og etter kvart skulle me ta over drifta. Men den 12. mai 2014 døydde far brått. Då vart eg bonde over natta. Vidar fekk seg jobb utanfor garden og det var plutseleg eg som begynte på landbruksskule.

Me har lært på den harde og brutale måten. I fjor då eg satt på landbruksskulen vart kvart nytt tema ei påminning om at eg ikkje lenger kunne diskutere med far. Det var heilt forferdeleg å miste han, og sjølv om eg aldri hadde valt å gjere det på denne måten, har det også ein verdi å bli kasta ut i ting. Sidan far ikkje har vore her, har me ikkje hatt kunnskapen tilgjengeleg. Me har måtte setje oss inn i ting og ta gjennomtenkte og sjølvstendige val. Me har fantastiske naboar som stiller opp for oss, men det er ein lengre veg å gå til ein nabo og spørje om noko, enn det er å gå til far sin. Læringskurven har gått rett opp og eg har fått ei fantastisk meistringskjensle.  I lamminga i år fekk eg den siste knekken min og eg var forbanna på meg sjølv som ikkje hadde vore meir aktiv då eg var med far i lamminga. Men eg vart flink etter kvart.

No har me landa. Dyra og garden har blitt ein del av oss, og det er fantastisk for ungane å vekse opp her.  Me har drive i eitt og eit halvt år og gjort alt sjølv for første gong. I fjor selde me fôr som far hadde lagt grunnlaget for, i år er alt vårt. Det er både spennande og skummelt, for no må me ta ansvar for våre avgjerder. Etter kvart har me lyst til å renovere huset og utvide fjøset, men det viktigaste i fyrste omgang er å levere god nok kvalitet og vere fornøgde med oss sjølve. Eg er stolt over at me ikkje gav opp. Det var meininga at me skulle komme heim og gjere det til vårt eige. Det har vore ein hard veg, med det var verd det".