- Tingvollost blei starta av foreldra mine, mannen min og meg for 11 år sidan på eit 4,6 kvadratmeter stort bad i kjellaren til mamma og pappa. Då ante vi ingenting om ost, men vi hadde litt meir mjølk i fjøset enn det vi hadde kvote til, så då sette vi i gang. Seinare har vi bygd nytt gardsysteri og vakse oss større, men vi brukar framleis berre mjølk frå garden. Det er viktig for oss. Osten vår er 98 prosent mjølk og han blir aldri betre enn råstoffet. Alt frå kva frøblandingar vi brukar og det som skjer i jorda, til korleis kua har det i fjøset, er viktig for korleis osten smaker. Vi har heile tida hatt mottoet at den beste osten endå ikkje er laga. Vi perfeksjonerer oss kvar dag. Dette er toppidrett, og det er kjempeviktig å delta i internasjonale konkurransar. Det er jo importost vi konkurrerer med i ostedisken. I år er fjerde året på rad vi oppnår medalje i VM. Fallhøgda var ekstra stor i år med over 2700 ostar påmeld. Det at vi var ein av 62 ostar som fekk topputmerkinga supergull trudde vi ikkje var mogleg. Eg er kjempeglad!

Kvar tredje dag kjem TINE hit og hentar mjølk, og ein gong i veka hentar dei ferdige produkt for å distribuere det ut til dei som sel osten for oss. Hadde det ikkje vore for samvirket hadde vi ikkje hatt ysteri her. Ingen hadde orka å dra ut hit og hente mjølk utan mottaksplikta. Etter å ha jobba heiltid på garden i 9 år og vore med på å utvikle drifta til det ho er i dag, tar eg formelt over ansvaret for det heile frå årsskiftet. Ønsket mitt for neste år er mindre fokus på billig mat og meir fokus på kvar maten kjem frå. Kva vi puttar i handlekorga er vår stemmesetel til kva landbruk og kva dyrevelferd vi vil ha.