- Garden min ligg 600 meter over havet i Ål i Hallingdal. Me er den største husdyrkommunen i Buskerud med nesten 40 mjølkebruk, både ku og geit. I tillegg er det mange som driv med sau her. Det gir eit bra miljø og folk å diskutere fag med. Utfordringane med å drive jordbruk så høgt over havet er at det er ganske bratt og eg har lite jord rundt garden. Så eg slær masse areal på fjellet. Der er det kort vekstsesong og eg får slått berre ein gong kvar sesong. Då treng ein mykje areal for å få nok grovfôr til husdyra. Til gjengjeld får eg godt fôr av høg kvalitet.

Eg har alltid planlagt at eg skulle drive denne garden, og for 6 år sidan tok eg over. Det er eit skikkeleg familiebruk med meg, kona, ungane og foreldra mine som stiller opp mykje. Eg er heiltidsbonde med biinntekt som juletreseljar tre veker i desember. Eg har nettopp bygd om den gamle båsfjøsen min til lausdriftsfjøs med 45 liggjebåsar og mjølkerobot, med stor eigeninnsats på tømringa og gravinga. Det er spennande å fornye seg og gjere framtidsretta grep. Med nytt fjøs kan kyrne ete, rusle rundt og mjølke seg når dei vil, og eg får meir tid til overvake og sjå til at ting fungerer når eg ikkje mjølkar. Og om sommaren har vi kyrne på stølen. Eg vart kåra til årets gladbonde av fylkeslaget i Buskerud i fjor, og det er nok fordi eg er opptatt av å prate opp norsk landbruk. Eg liker yrket, og kunne aldri tenkt meg til å drive med noko anna.