- Eg bur på ein gard 320 meter over havet, omgjeve av bratte og kuperte jorde. Det er ein og ein halv kilometer ned til vegen og vi har ingen naboar. Mannen min og eg kjøpte denne garden for 12 år sidan, og det har vore nokon fantastisk innhaldsrike år. Vi har bygd vegar, restaurert gamle hus og utvida produksjonen. Vi driv med sau og ammeku, og i sommar har vi hatt utegangargris. Vi har også minigris, høner, ender, gjess, kaninar, ponnyar, hestar og geiter, katt, hund og tre barn. I tillegg slår vi jorda til åtte nabogardar for å få nok fôr til dyra. Eg får dagane til gå, det er ikkje noko problem.

No held vi på med å byggje eit nytt hus på garden for å ha Inn på tunet her. Det er viktig for oss å bruke alle ressursane på garden, og eg har mest lyst til å jobbe med eldre og tidlegdemente. Eg er opptatt av tradisjon og historie, og eg interesserer meg for det dei har å fortelje. Eg trur vi kan få god kjemi. Det nye huset får eit grovkjøken som også opnar for fleire nye prosjekt. Vi har tenkt på å ha gardsbutikk og kurs der, med produkt frå eigen gard. Og så har eg lyst til å prøve meg på å lage ost. Vi har nemleg mjølkeanlegg i fjøset, så eg kunne tenkt meg å få inn to kyr og yste av mjølka. Eg trakkar på gassen og gubben trakkar på bremsen. Eg er glad for det. På den måten ender vi opp med mange gode og gjennomtenkte prosjekt på garden, som gjer at vi heile tida utviklar oss.