- 1. juni i år overtok Erling og eg Alstad ...gård. Vi har jobba som barnehagelærar og lærer og vore tillitsvalde i mange år. Eg hadde aldri tenkt å bli bonde. Men for 15 år siden tok far min over farsgarden sin etter at broren hans omkom i ei ulukke. For eit par år sidan spurte pappa nærmast på tull om eg ville kjøpe garden. Eg berre lo og sa det ikkje var aktuelt. Men det sette i gang en prosess hos oss. Vi hadde snakka mykje om kva vi skulle bruke dei 20 siste yrkesaktive åra våre på. Etter mykje vurdering att og fram så bestemte vi oss for kaste oss ut i dette. Det kjentest rett då vi hadde bestemt oss. Vi skulle overta garden og bli bønder.
Det har vore ei spennande reise for oss. Det er mykje nytt å lære på godt og vondt. Ein dag tar vi i mot ein nyfødd kalv, ein annan dag må vi slakte. Vi lærer heile tida, og vi har vore innstilt på å skulle klare det. Vi las en artikkel om at bønder med akademisk bakgrunn ofte hadde ei anna tilnærming til ting, og dette let vi oss inspirere av. Vi er opptatt av å ta til oss kunnskap, ikkje at alt skal gjerast som det alltid har blitt gjort. Heldigvis har det alltid vore slik på garden - ein leiter etter løysingar. Dei var og er innovative karar, onkelen og faren min.
Så langt er Erling bonde og eg tillitsvald. På sikt hadde det vore veldig fint om begge to kunne jobbe heiltid på garden, men vi må begynne ein plass. Vi har endra livet for oss sjølv og fire ungar. Men dette er det gode liv.