Viktig steg mot tetting av inntektsgapet

Dette er første jordbruksoppgjer etter at Stortinget behandla meldinga om auka sjølvforsyning og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Avtalen svarar ut denne bestillinga, og tar eit viktig steg mot tetting av inntektsgapet.

Jordbruket har framforhandla ein forhandlingsgevinst på 395 millionar kroner. Avtalen er viktig for at Buskerud-bonden skal ha motivasjon til å produsere mat i heile fylket vårt. – Dei auka inntektsmogelegheiteine som ligg i avtalen er avgjerande for at bonden skal våge å tru på ei framtid - og ha tryggleik for ein økonomi som betalar rekningane og gir moglegheit til å leve som folk flest, seier Trintrud. – No kan vi bidra til produksjon av mat for auka sjølvforsyning og eit jordbruk over heile landet. Vi er glad for at regjeringa har forstått alvoret i situasjonen, og bidrar til at bondens inntektsnivå nærmar seg andre grupper i dette oppgjeret.

60 000 kr. pr. årsverk i tetting av gap er mindre enn jordbrukets krav. Sjølv om gapet framleis ikkje er tetta, er det eit skritt i rett retning.

Auka norsk matproduksjon – viktig for beredskapen
Eit nytt pristilskot for mjølk er på plass og innførast allereie frå 1. juli, i tillegg til auka mjølkepris for å betre produksjonsøkonomien. - Vi har tatt eit viktig steg, og har fått på plass ei nødvendig betring av mjølkebondens økonomi. Vi må ha med alle vidare om vi meiner alvor med eit livskraftig jordbruk over heile landet, seier Trintrud.

Inntektsnivået for sau og ammeku er framleis for lågt, sjølv om vi har løfta nivået gjennom desse forhandlingane. Dei store gras- og beiteressursane vi har i Norge må brukast til matproduksjon – også for å sikre norsk sjølvforsyning, seier Trintrud

Avtalen vidareførar satsinga på grønt-produksjon.  

- No skal vi levere på oppdraget om auka sjølvforsyning. Avtalen tar viktige grep for å auke produksjon av matkorn, grønt-produksjon og for at enda meir av fôret til husdyra skal dyrkast i Norge, seier Trintrud.

Redusere bondens risiko
Norske bønder tar ein betydeleg risiko for å produsere mat i heile landet. Tørke, flaum eller sjukdomsutbrot rammar bonden hardt, også økonomisk. - Denne avtalen sørger for betre ordningar når dyra rammast av sjukdom eller når det inntreff anna produksjonssvikt på garden. Det er viktig å forebygge der vi kan, og eit viktig grep i avtalen er ein betydeleg auke i midlar til drenering, seier Trintrud.

I avtalen er velferdsordningane styrka med 50 mill. kroner, og satsar og tak er auka. - Norges Bondelag har også lenge jobba for fleire risikoreduserande tiltak for bonden. Vi har i forbindelse med dette oppgjeret fått gjennomslag for målretta endringar i skattesystemet for å jamne ut inntektene over år, og for å styrke dei sosiale rettighetane til bonden, avsluttar Trintrud.