For oss er openheit om korleis me arbeidar med dyra våres,   det viktigaste me kan gjera for at folk skal få meir kunnskap om oss.

Næringa  har fått mykje  oppmerksomheit, og mange har kun eitt inntrykk om pelsdyr frå det dei har sett i media.  Me oppfordrar alle som har lyst til å  lære meir om livet på pelsdyrgarden, til å koma på besøk og sjå med eigne auge dei fine dyra og korleis me har det.  Hjå oss er alle velkomne og me opplevar veldig ofte at folk endrar syn etter å ha besøkt oss. 

Forrige regjering utnevnte eit utvalg som skal vurdera næringa framtid. Dei skal vurdera korvidt næringa bør fortseta eller avviklast.                                 

Når utvalget leverar sin rapport i desember, ynskjer me ein opplyst sak og sakleg debatt.  Ein opplyst debatt forutset at politikarar og folk flest har kunnskap om oss og husdyrhaldet vårt. 

I Hallingdal inviterar alle pelsdyrbøndane til sine opne gardar komande helg. Me  ynskjer  denne helga å visa fram for alle kvifor me er ein næring  som har gode framtidsutsikter, og bør ha ei bærekraftig framtid.         

Laurdag:                                                        

Nils Arnegard, Votndalen Ål

Knut H Skrindo  Votndalen Ål       

Sigbjørn  Kirkebøen, Ulsåk Hemsedal

Sundag: 

Trine E Søderblom, Ålrust  Hemsedal                      

Torgeir Fagermo,     Sørbøl  Gol                             

 

For vegbeskrivelse, eller avtale om besøk ein annan dag,  ring tlf  953 00922.

 

Velkomne

Beste  helsing 

Valdres/Hallingdal  Pelsdyralslag

Sigbjørn Kirkebøen,  leiar.