Her er det det mest sølvrev på garden, og sidan reven har årssyklus, er våren alltid den tida når nye kvelpar kjem til verda, og ved helgas arrangement var det kvelpar frå 3 til 9 veker å få sjå, i tillegg til avlsdyra. 

Det møtte opp 35 personar, med godt spreidd alderssamansetning der dei fleste var bygdafolk, men likevel var det  mange som ikkje hadde vore i ein pelsdyrgard tidlegare. Det var berre positive tilbakemeldingar på kor rolege og tillitsfulle dyra var, og fleire gav uttrykk for at dei ikkje kjente  seg igjen noko av den framstillinga av pelsdyrhald som dei tidlegare haddde fått med seg i enkelte medier. 

Både for store og små var det nok spesielt gjevt å kikke nedi kvalpekassene der dei minste kvelpane held seg, og spesielt gjevt var det nok for dei yngste når dei fekk halde og klappe kvelpar.   Ein 6-åring spurde etter «pappareven», og når den vart tatt fram, og han fekk lov til å klappe den også, var det heller ikkje å forakte. 

Eit ektepar frå Oslo som hadde sin fyrste opplevelse i ein pelsdyrgard, vart så overraska over det dei såg at dei uttalde at dei gjerne ville bli ambassadørar for næringa i hovedstaden, for der var det mykje ukunnskap om dyrehaldet. 

På garden fekk dei besøkjande også sjå pelsskinn og forskjellige småartiklar sydde av pels.                                                             

Ein vellukka Open Gard-arrangement, der gjestene også fekk litt å bite i til ein kaffikopp, eller saft.  

Valdres/Hallingdal   Pelsdyralslag

.