Må tette meir av gapet for å auke sjølvforsyninga

Statens tilbod i jordbruksoppgjeret gir et betydeleg lågare inntektsnivå enn jordbrukets krav legger opp til. - Tilbodet ikkje godt nok til å svare ut Stortingets marsjordre om økt sjølvforsyning, seier fylkesleder Eirin Trintrud.
Må tette meir av gapet for å auke sjølvforsyninga
Staten la i dag frem sitt tilbod som svar på jordbrukets krav frå Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag. Kravet om tetting av inntektsgapet (nivåheving) frå jordbruket på 75 900 kr. per årsverk møtes med et tilbod frå staten på 45.000 kr. Regjeringa har skapt forventningar om et godt jordbruksoppgjer, men statens ambisjon for tetting av inntektsgapet er for lavt med dette tilbodet.
Vi bønder vil bidra til å auke sjølvforsyninga og Buskerudbonden skal bidra til dette. Norsk matproduksjon er ein viktig del av landets totalforsvar. Det forpliktar alle parter, seier fylkesleder Trintrud og held fram. – Mange bønder står i ein krevjande økonomisk situasjon, det gjeld også mange bønder i Buskerud. Derfor er det nødvendig at inntektsgapet tettes raskare enn det regjeringa legg opp til i tilbodet. Inntekta til bonden må opp om vi skal nå måla om auka sjølvforsyning, fastslår Trintrud.
Staten forutsett ei lågare kostnadsauke enn jordbruket har berekna i sitt krav. Derfor ser statens tilbod betre ut enn det vi meiner det er grunnlag for.
Mange har det tøft, også i Buskerud
Dette er det første jordbruksoppgjeret på over 30 år der det skal forhandlast om inntektsnivået til bonden. Økonomien er svært kravande for mange i næringa.
Bøndenes usikkerheit må erstattast av forutsigbarheit og framtidstru. Bondens inntekt må dekke utgifter til drift og investeringar, samtidig som inntekta må gi rom for eit normalt familieliv og fritid som for andre.
Vi er glad for at Statens tilbod møter oss på å innføre eit nytt grunntilskot på mjølk, og at det skal utbetalast per liter etter kvart gjennom året. Vi er og fornøyde med at vi har fått gjennomslag for eit eige arealtilskudd for kveite og proteinvekster,
Fylkesleder Trintrud
Klare krav frå eit samla jordbruk
Næringa står samla om årets krav i jordbruksoppgjeret. Dette er ein klar beskjed om at det i år må til eit løft i inntektsnivået samanlikna med andre grupper. Kravet legg opp til betydeleg tetting av inntektsgapet i årets oppgjer, auka sjølvforsyning og ein reduksjon av den enkelte bonde sin risiko blant anna gjennom betre velferdsordningar. Statens tilbod møter ikkje jordbrukets krav om å fjerne samordning av tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel med andre ytingar. Dette ekskluderer ei stor gruppe matprodusentar frå landbrukets velferdsordningar.
For å sikre og auke sjølvforsyninga treng vi eit betydeleg inntektsløft.
Den økonomiske ramma:
Jordbrukets krav er på 3,9 mrd. kr, og statens tilbod er på 2,620 mrd. kr.