Fylkesleiar Eirin Tintrud sitt innlegg i generaldebatten handla om å bruke utmarka og verdsette støling. Her er heile innlegget til Trintrud

 

Me må ta heile landet i bruk

Me må ta i bruk heile landet for å oppretthalde og styrke sjølvforsyninga. I store deler av landet vårt er dyrking og hausting av gras einaste mogelegheit. Dette blir ikkje nok verdsett, sa fylkesleiar Eirin Trintrud i sitt innlegg i generaldebatten.

Dyrkbar jord er ein begrensa ressurs, men i fjellbygdene kan me laga gull av gråstein på utmarksbeite. Det riktigaste og mest berekraftige er å utnytte desse ressursane til storfe og småfe. Fyrst og fremst fordi det bidreg til matproduksjon. 

Det er vårt ansvar som nasjon å bruke dei ressursane me har tilgjengeleg. Det er sjølvforsyning og det er beredskap. Som ein bonus held me kulturlandskap i hevd og forvaltar viktige ressursar, som kjem samfunnet til gode i form av rekreasjonsområde. Her ser me tydeleg kva 30 år med beiting gjer. På den andre sida av vatnet går det ikkje an å gå, for det er tett i tett med vier og kratt. På denne sida er det heilt opent. Kulturlandskap som dette kjem ikkje av seg sjølv, og i tillegg gir det ein betydeleg klimagevinst i form av albedoeffekten. Det er vårt ansvar å vidareformidle den kunnskapen.

 

Støling utnyttar ressursane

Når me pratar om utmarksbeiting må me også nemne støling. Det finst knapt ein betre måte å utnytte ressursar på. Ressursar som ikkje har nokon alternativverdi. Men det kostar å soppretthalde to driftsapparat. Og det er lenger ikkje slik at stølsbeiter alltid er ein nødvendigheit for bonden. Ofte er det enklare og meir lønsamt å la dyra vere heime.
Skal me fortsette med støling, må dette vere eit satsingsområde.

Mange trur støling handlar om tradisjonar og å drive på same måte som i gamle dagar. Men fleire vil drive støl så effektivt som mogeleg, og har verken tid til eller interesse av å yste ost og drive med turisme. Det må gå an å produsere mjølk som ein leverer til Tine, og tida mellom fjøsstell må kunne prioriterast til slått og familie. Ære vere dei som driv med turisme, men for oss som Bondelag må matproduksjon og ressursutnytting vere det fremste målet.  

Det er i dag 750 stølar i drift i landet vårt. Dei siste tjue åra har talet aktive stølar blitt meir enn halvert. Det er særleg ved generasjonsskifter og utbyggingar at mange sluttar med stølsdrift.  No trengs det målretta virkemiddel med sikte på å opprettholde og etablere nye stølar. Dårleg lønsamheit er den viktigaste faktoren til at fleire sluttar med støling. Det er på tide å sette tiltak ut i praksis, sjølv om det kostar. På den måten kan me ta vare på viktig kulturarv, men framfor alt sikre ein berekraftig matproduksjon. Dette er også i tråd med regjeringa sine forpliktelsar.

I morgo skal me stemme over innholdet i næringspolitisk program. Det sett kursen for våre prioriteringar dei neste fire åra. Då er det heilt avgjerande at utmarksbeiting og støling er nemnt, for dette er noko som må prioriterast ytterlegare i åra som kjem.

Eg avsluttar som i Bondesangen:

Bølg fra støl til strand, Om vårt fedreland.