Innlegget nedenfor sto på trykk i Hallingdølen denne uka og viser hvor stor pris lokallaga setter på avisa si! 

 

"Bondelaget sine lokallag over heile landet er oppfordra til å finne «bondevenner» i sitt område. I Hallingdal er det mange som kunne heidrast som bondevenn. Me har tenkt på veterinærane, reiselivsbedrifter, politikarar med fleire. Lokallaga i Hallingdal har valt å heidre Hallingdølen for sitt bidrag for å opplyse folk om landbruket sin situasjon. Landbruket er ein av berebjelkane i samfunnet og bidreg til verdiskaping i dalen. Dette har lokalavisa vår forstått, og har gjennom mange artiklar og leiarar sett fokus på landbruket i dalen. Me innrømmer at me er avhengige av media.

Talet på bønder blir kvart år redusert med ca. 1500. Dei siste tiåra er talet på bønder redusert så mykje at me ikkje lenger er ei interessant veljargruppe. Derfor er bøndene avhengige av eit ynskje i befolkninga for å ta vare på landbruket og at dei forstår verdiane landbruket produserer. For Hallingdal gjeld det stell av kulturlandskapet i dalen og på fjellet. Matproduksjon (god og rein mat) er den viktigaste produksjon for landbruket.

Dette gir også positive ringverknader for andre næringar. Derfor er det veldig viktig for heile samfunnet at media forstår desse samanhengane og kan vidareformidle det til folk, og til dei som bestemmer her i samfunnet. Hallingdølen skriv om bøndene på ein ærleg og sannferdig måte utan fordommar. Det set me stor pris på. Både journalistar og leiinga i Hallingdølen syner at dei forstår desse samanhengane godt. Bondelaget er glade for å ha Hallingdølen som venn!

HOL BONDELAG, ÅL BONDELAG, GOL BONDELAG, HEMSEDAL BONDELAG, NES BONDELAG OG FLÅ BONDELAG

HÅKON HAUG LAA