Den historiske tørkesommaren 2018

  • Tips en venn om denne siden

Knusktørre jorder, dårlege kornavlingar, fôrmangel og steikande sol i veker. Sommaren 2018 i Sør-Noreg og deler av Vestlandet vil gå inn i historia som den tørraste i fleire generasjonar. Mai månad var ifølge Meteorologisk Institutt den varmaste Noreg nokon sinne har opplevd.

TØRKEN I TAL
Den verste tørken på fleire generasjonar fekk store verknadar:
• Dei totale tapa for bonden var på 3,5 milliardar kroner, det inneber eit inntektsbortfall i jordbruket på om lag 30 prosent etter avlingsskadeerstatning. (Budsjettnemndas tal for vederlag til arbeid og eigenkapital for 2017 var kr 14,9 mrd.). Tapet blir betydeleg større for dei enkeltprodusentane som blir ramma.

• Kornavlingane var veldig varierande. Nokre stadar var avlingane nede i 10-20 prosent av normalen. Landet over blei kornproduksjonen på 54 prosent av normalen. Dette førte til at det måtte importerast 92 prosent meir matkorn og 120 prosent meir fôrkorn enn normalt til Noreg.

• Grasavlingane på Austlandet blei meir enn halvert (SSB 2019).

• Grønsaksbønder gjorde ein formidabel innsats med vatning døgnet rundt for å unngå dei verste avlingsskadane, men mange fekk store avlingsskadar. I Trøndelag måtte nokre grønsaker tole tørke, så flaum, og deretter frost, før dei endeleg kunne bli hausta. Nivået på avlingsskade blei betydeleg. Verst gjekk det ut over gul og raud løk, som blei utsett for mykje og langvarig haustregn etter tørken. Lagerbehaldningane blei redusert med rundt 70 prosent samanlikna med 2017.

• Sjølvforsyningsgraden dalte til mellom 30 og 35 prosent, inkludert fôr og fôrmiddel.

• Totalt 14 977 søknadar om avlingsskadeerstatning. Per mars 2019 er framleis ikkje alle utbetalingar gjennomført, men førebelse tal seier at det er utbetalt kr 1 740 850 000. Det gir ei gjennomsnittleg utbetaling på kr 142 227 per føretak, etter at 30 prosent eigenandel er trekt frå.

• Det blei slakta fleire dyr enn vanleg denne sommaren og hausten, men ei storstilt slakting og varig reduksjon av besetningane vart unngått, blant anna på grunn av god rådgjeving om høva for endra fôring av husdyr med bruk av meir halm.

Gjennomsnittstemperaturen for heile landet låg 1,8 grader over normalen i juni, juli og august. På Austlandet var det enda varmare. Der låg temperaturen tre til fire grader over normalen. Det blei klart allereie i juni at høva for gode kornavlingar hadde tørka bort på Austlandet, men også bønder i andre deler av landet fekk merke tørken. Jordbærsesongen starta ei til to veker tidlegare enn vanleg og resultatet var små bær med mindre farge og smak og ein svært kort sesong. Grasavlingane blei svært varierande i tørkeområda, og i snitt rundt ein tredjedel av normalavling.

Leiar av kornutvalet i Norges Bondelag, Hans Edvard Torp, fortel at dei tidleg i juni forstod at dette kom til å bli ein spesiell sommar.

– Det er kritisk når kornet ikkje får vatn og næring på rett tidspunkt. Då går planta vidare til neste vekststadium, og kan ikkje ta igjen det tapte. Vi skjønte at det kom til å bli dårleg, men ikkje kor dårleg. Frustrasjon og utryggleik kjente vi på heile tida. Høg temperatur forverra situasjonen. Eg trur det ligg i ryggmargen til bønder å ønske eit best
mogleg resultat. Vi haldt igjen på nokre kostnadar, tenkte og håpa at «det må då regne snart». Men det gjorde det ikkje, fortel Torp.

– Dette var tøft då det sto på. Alle dei faste kostnadane ligg der, samt nesten alle dei variable også, men med nokre færre timar på skurtreskaren og litt mindre gjødsling. For dei som opplevde å få 20-25 prosent av normalavling er det alvorleg økonomisk, seier Hans Edvard Torp.

– Først og fremst blottla tørkesommaren kor sårbar mat- og fôrproduksjonen vår er. Dette såg vi sommaren 2018 med ein kraftig auke i import, men vi såg også følgene frå tidlegare år med lite bruk av norsk avla såkorn tilpassa klimaet vårt. Vi må styrke eit reelt beredskapslager for såkorn, seier Torp.

Han legg vekt på behovet for å styrke kornøkonomien slik at vi får høve til å halde jorda i god hevd, som betyr at den blir stelt på best mogleg agronomisk måte.

– Dette er avgjerande for best mogleg å takle både fuktige og tørre sesongar. Vi ser nå at investeringsevna
blir redusert. Til slutt vil eg seie at den beste beredskapen er å halde kornareala i drift. Kornproduksjon
er eit avgjerande element i sjølvforsyninga til eit land og det speler ei nøkkelrolle i verdiskapinga og arbeidsfordelinga til norsk landbruk, seier Torp.

Bondelaget utgjorde ein forskjell i tørkekrisa

Bondelaget var tidleg ute med å råde bønder om å dokumentere mogleg avlingsskade og melde frå til landbrukskontoret. Husdyrbøndene blei råda til å endre fôringsplan tidleg. Bondelaget koordinerte samordningsmøter med styresmaktene, og arrangerte saman med samvirkeorganisasjonane informasjonsmøte om fôrsituasjonen
i alle fylke på Austlandet og Sørlandet. Tema på desse møta var fôringsstrategi, slakteplan under dei gjeldande forholda, aktuelle tiltak på jordet og søknad om avlingsskade. Møta var viktige sosiale møteplassar i ei krevjande tid.

Solidaritet og fôrformidling

Etter kvart som vekene gjekk utan regn og vekst på åkeren, blei det klart at det var snakk om ei tørkekrise. Vi oppfordra bøndene til å hjelpe kvarandre så godt dei kunne. Måten næringa stilte opp for kvarandre på, var viktig for å berge mest mogleg fôr. Det gjorde at krisa blei mindre enn den kunne ha vore.

Korn som likevel var i ferd med å tørke bort, blei slått og blei viktig vinterfôr for husdyrbønder. Kornbønder blei oppfordra til å ta vare på halmen med mål om å sikre at alle tilgjengelege fôrressursar blei tatt vare på og at det kom husdyrbøndene til gode. Det ble organisert formidling av halm, blant anna av lokallag i Bondelaget. Felleskjøpet Agri etablerte Halmformidling, ei tjeneste kor ein kunne kjøpe og selja halm.

Fleire bønder kjente på utryggleiken om dei hadde nok fôr, og økonomi og negative tankar prega mange. Bondelaget oppfordra til å vera open og å snakke saman, og Landbrukets HMS-tjeneste sine tilbod var viktig. Fôrkrisa var eit tema som engasjerte langt utover bøndene sine rekker. Enkelte tok kontakt for å tilby graset i den litt store hagen til dyrefôr. Det er eit godt døme på at folk er opptatt av norsk matproduksjon.

Grovfôrmangelen gjorde også at Landbruksdirektoratet fastsette null i toll for import av grovfôr til Noreg. Bondelaget si haldning var at vi først og fremst må fordele det fôret vi har her til lands, deretter importere. Import av grovfôr er problematisk fordi det kan bringe med seg smittestoff og nye sjukdommar til landet.

Statsministeren kom på gardsbesøk

Det blei jobba politisk på nasjonalt nivå gjennom heile sommaren med blant anna møte med landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP). Samstundes som det blei arbeida for få på plass ein krisepakke, inviterte Bondelaget og Småbrukar-laget statsminister Erna Solberg på gardsbesøk.

Målet var å vise landets øvste leiar korleis krisa hadde ramma matproduksjonen. Den 8. august kom statsministeren og landbruks- og matministeren på besøk til korn- og mjølkebonde Lars Egil Lauten på Kløfta i Akershus. Presseoppbodet var enormt.

Korleis var det å ha statsministeren på besøk?

– For meg som er vant til å jobbe og drive åleine på garden, blei det mykje folk. Det blei mykje sirkus den dagen. Eg synst det var greitt å forklare statsministeren kva situasjon eg og alle bøndene i landsdelen var i. Det var kritisk, og veldig mange gardbrukarar var frustrerte og usikre på framtida, ikkje minst økonomisk. Det var godt å få ei stadfesting
på at andre bryr seg, fortel Lauten.

Med pressekorpset i hælane viste Lauten frem tørrsvidde åkrar for Erna Solberg og Jon Georg Dale. Ironisk nok plaskregna det for første gang på mange månadar under besøket til Statsministeren. Etterdønningane av tørkesommaren merkar han framleis.

– Det er store kraftfôrrekningar kvar månad. Eg trur det området eg har gard i var eit av dei som blei verst ramma i landet. Graset gjekk i dvale og vi fekk ikkje noko gjenvekst. Flyttar du deg nokre mil lenger unna var situasjonen også ille, men dei fekk i det minste gjenvekst når regnet kom, fortel Lauten.

– Eg er mektig imponert over den enorme dugnadsånda som bønder i alle produksjonar viste for kvarandre. Folk sto skulder ved skulder og hjelpte kvarandre.

Kløftabonden slapp å slakte dyr på grunn av fôrmangel, men mange rundt ham sendte dyr før tida til slakt. Kornavlingane blei historisk dårlege med berre 25 prosent avling havre og 30 prosent avling bygg eller gras. Det vart tydeleg at ein velfungerande avlingsskadeordning er viktig etter sommaren 2018.

– Eg vil takke Bondelaget som fekk regjeringa med på å gi ekstra midlar til bøndene som var rammaav tørken, seier Lars Egil Lauten.

– Tørken har medført utruleg store tap, men også mykje ekstraarbeid og auka kostnadar. Køyring av vatn og fôr til dyr på beite, sanking av halm i sju prestegjeld og alt meirarbeidet kvar dag med fôring av alternative fôrmiddel i fjøset. Alt gjenlegg i åkeren som skulle bli eng til neste år døydde. Vi har over hundre mål med beite i ravinedalar som tørka heilt inn. Verken ekstra arbeid, tapt gjenlegg eller beite er med i erstatningsordninga. Eg personleg fekk til slutt ei akseptabel erstatning, men det dekker som sagt berre deler av tapet, seier Lars Egil Lauten.

Ba regjeringa om krisepakke

I tillegg til alt arbeidet som blei gjort internt i næringa, var det å oppnå forståing hjå styresmaktene viktig
for å bremse dei langvarige verknadane av tørkekrisa. Den 19. juli gjekk Norges Bondelag saman med Norsk Bonde- og Småbrukarlag ut og bad om økonomisk kompensasjon frå regjeringa, for å unngå langtidseffektar av tørken.

– Det er ein prekær situasjon for norsk landbruk med tørke og fôrmangel. Det tørre og varme vêret held fram og det må konstaterast at vi nå er i ein krisesituasjon. Mange tusen bønder treng økonomisk tryggleik til å ta rette val for framtida. Vi er svært bekymra for korleis denne situasjonen vil utvikle seg dersom styresmaktene ikkje kjem med ekstra midlar, sa Lars Petter Bartnes.

I første omgang blei det ikkje gitt noko krisepakke, men regjeringa viste til avlingsskadeordninga. Regjeringa gjennomførte fleire tiltak, etter innspel frå Bondelaget, blant anna blei det opna opp for å slå ned åker til grønt-fôr og behalde arealtilskotet på korn, og å sjå vekk frå kravet om over 50 prosent fôropptak på beite for å få beitetilskot.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag kravde 10. august tilleggsforhandling av jordbruksavtalen for å få ein økonomisk krisepakke for bøndene som var råka. Jordbruket bad om styrking av avlingsskadeordninga innan både korn, grovfôr og grønt. Etter fleire møte blei ein krisepakke på 525 millionar kroner vedtatt 30. august. Dette kom i tillegg til den ordinære avlingsskadeerstatninga.

– Vi har jobba hardt for å få på plass midlar til ein krisepakke etter den ekstraordinære sommaren. Eg er glad regjeringa bidrar til å hjelpe dei bøndene som er hardast ramma av tørken. Samstundes skulle eg ønske at fleire kunne få dekka ekstraordinære tap, sa Bartnes då krisepakka var på plass.

DETTE ER KRISEPAKKA

• Tilleggsforhandling til jordbruksavtalen for 2018 framforhandla av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag
og regjeringa 30. august. Eit samla Storting vedtok krisepakka 25. oktober.

• Krisepakka på 525 millionar kroner kjem i tillegg til de auka utbetalingane over avlingsskadeordninga.

• Ekstrautbetaling av husdyrtilskot og auka sats på erstatning av avlingsskade på eigenprodusert grovfôr.

• Ekstrautbetaling av arealtilskot på grønsaker.

• Taket på erstatningsutbetalingar blir heva for husdyr, korn og grønt. Maksimal utbetaling blir på 1,5 millionar kroner per vekstgruppe.

• Regjeringa la til rette for raske erstatningsutbetalingar.

• Fristen for å gjennomføre investeringsprosjekt kan utsetjast ved søknad.

• Tørken gjekk verst ut over områda på Sør- og Austlandet. Difor blei ekstra husdyrtilskot og arealtilskot til grønsaker avgrensa til å gjelde for produsentar i Østfold, Akershus/Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder, samt kommunane Bjerkrheim, Gjesdal, Strand, Sokndal, Eigersund og Lund i Rogaland.

 

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
januar

Kornkonferansen 2020

Oslo Kongressenter
Tirsdag
04
februar

AU-møte

Landbrukets hus
Onsdag
05
februar

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere