– Året har vist oss at der rovdyra angrip så er følgjene dramatiske. Samstundes ser vi at styresmaktene bevisst ønskjer å teikne eit positivt bilde av rovviltsituasjonen ved å vise til dalande tapstal. Dette er krevjande fordi vi veit at stadig færre dyr går på beite i mange beiteprioriterte område fordi bøndene vurderer rovdyrrisikoen som for høg. I desse områda er beitebruk og tilhøyrande næringsutvikling og verdiskaping nå trua, seier styremedlem og talsperson i rovviltsaker i Norges Bondelag, Einar Frogner.

Den katastrofale beitesesongen

Leiar i Hedmark Bondelag, Erling Aas-Eng, bur i området der ulven herja i beiteflokken denne sommaren. Etter at ulven hadde slått til mot naboen sine sauer var mjølkebonde Aas-Eng med på kadaversøk for første gang.

– Vi gjekk nesten ein heil dag på søk etter daude og skadde dyr, og måtte avlive lam som ulven hadde rive. Det var ei veldig sterk oppleving. Når eg som bonde syns dette var vanskeleg kan eg berre tenkje meg korleis andre hadde reagert dersom dei hadde opplevd det same. Denne beitesesongen har rett og slett vore katastrofal, seier Aas-Eng.

I perioden frå beiteslepp til midten av september blei det dokumentert DNA frå seks ulike ulvar i kommunane Tolga, Tynset og Rendal. Truleg er 875 sau og lam tatt av ulv i løpet av sesongen – aldri før har det vore så store tap av husdyr til ulv innafor eit område. Dette er eit prioritert beiteområde som ligg eit par mil nord for ulvesona.

– For Bondelaget har det vore viktig å støtte dei som har vore ramma og samstundes synleggjere det som har skjedd gjennom media. Vi har løfta saka politisk i eit forsøk på å gi regjeringa og KLD ansvar for det som skjedde. Vi fekk til slutt statsråd Elvestuen til å kome til Nord-Østerdal, men sett i etterkant er eg usikker på kor stort inntrykk det gjorde på ham. Medlemmene sette også pris på at Bondelaget sin leiar besøkte området. Det er viktig at dei føler at dei har faglaget i ryggen, seier Aas-Eng.

I Rendal opplevde sauebøndene store tap til ulv også i 2016. Her gir fleire bønder nå opp sauedrifta. Nokre avviklar drifta mellombels for å vurdere om dei orkar meir, og nokre flyttar dyra på beite andre stadar den komande sesongen.

– Fleire føler at dei driv rovviltforvaltning for staten på dugnad i beiteprioriterte område. Det er også mykje sinne både mot den ulike behandlinga som har skjedd når det kjem til erstatning og korleis regjeringa nyttar nasjonale tapstal for å bagatellisere den vanskelege situasjonen denne regionen har stått i, seier Aas-Eng.

Litt lengre nord i landet, i Trøndelag, var det bjørn som skapte vanskar denne beitesesongen. Det ble utbetalt erstatning for 1612 sau og lam tatt av bjørn, noko som var ei auke frå året før. Sesongen blei også ei stadfesting på at bjørn nå tar husdyr stadig lengre unna forvaltningsområdet i Indre Namdal. For første gong tok bjørn nå også husdyr
på Fosenhalvøya.

– Tapa til bjørn har over tid spreidd seg over større og større område. I Indre Namdal er utmarka så å seie tømt for beitedyr, og vi ser at det same nå er i ferd med å skje på Innherred. Situasjonen for bøndene er tøff og beitemiljøa er i ferd med å bli utarma. Eg er alvorleg bekymra for beitenæringa og sjansen til å kunne ta i bruk utmarksressursane
våre, seier leiar i Nord-Trøndelag Bondelag, Borgny Kjølstad Grande.

Grande fortel at folk opplever at det er vesentleg meir bjørn i utmarka enn det dei offisielle bestandstala seier.

– At systemet for bestandsregistrering ikkje held mål er noko vi har jobba mykje med i 2018. Ved å kunne vise at det ikkje er samanheng mellom statistikken i Rovdata og bestandstala opplever vi nå at vi får gjennomslag. Både SNO og Rovdata tar til orde for å sjå meir på dette, og det er vi nøgde med. Eg trur at vi ved å halde oss til fakta som kan dokumenterast kan gjere det mogleg å skape endring på dette punktet, seier Grande.

Ordførarane tar ordet i rovdyrpolitikken

En av forsidene på Nationen i august 2018. Faksimile Nationen

I løpet av hausten begynte ordførarar over heile landet å engasjere seg i rovdyrpolitikken. Det starta med 46 av 47 ordførarar i Trøndelag, og då året var omme hadde om lag 200 ordførarar slutta seg til oppropet som var retta mot statsminister Erna Solberg.

Ordførarane kravde at Stortingets rovdyrforlik skulle følgjast opp slik det var vedtatt, og at apparatet som var sett til å følgje opp forliket i praksis blei gjennomgått. Ordførarane stilte spørsmål ved kor godt rovdyrpolitikken si todelte målsetjing, beiteprioriterte område, bestandsmål og kalvingsområde for tamrein blei ivaretatt. Ordførarane
hadde eit møte med statsministeren og dei statsrådane dette gjeld for i september. Her blei dei samde om vidare samarbeid med kommunane. USS er heilt sentrale i dette samarbeidet, og for Bondelaget er det også viktig å støtte opp under kontakten mellom kommunane og statsministeren.

KLD tar større kontroll

I løpet av 2018 var det fleire døme på at Klima- og miljødepartementet tok større styring i rovviltforvaltninga. Fleire av vedtaka gjekk på tvers av rovviltforlika som skal ligge til grunn for forvaltninga, og var ei stor kjelde til frustrasjon i næringa.

– Vi ser at i dei sakene der KLD nå tar større styring, så går det som hovudregel i favør av rovdyra og disfavør av bygdene og beitenæringane. Fleire av avgjerslene som KLD har tatt i 2018 har stor prinsipiell betyding for rovdyrpolitikken, og går ofte på tvers av den politikken som Stortinget har vedtatt. Dette er ei kjelde til stor frustrasjon i næringa og på bygda, seier Einar Frogner i Bondelaget.

Ekstraordinært eller ikkje?

Faksimile fra TV2s dekning av angrepene i Nord-Østerdalen

På seinsommaren tok Bondelaget, saman med NSG og NBS, kontakt med KLD og LMD med krav om at bøndene i Nord-Østerdal fekk erstatning etter dei same prinsippa som gjaldt bøndene på Hadeland, Toten og Hurdal i 2017. Her gav regjeringa erstatning til alle som hadde ekstra utgifter knytt til ulveherjingane. Det blei skrive krav i form av brev og også gjennomført eit møte med statssekretærane i KLD og LMD. Her blei det tydeleggjort at bøndene i Rendal hadde hatt store tap til ulv både i 2016 og 2018 utan å få same erstatning som blei gitt i 2017. KLD valde likevel å avvise kravet.

KLD påpeikte blant anna at tapa på Hadeland var meir ekstraordinære, fordi «tap av sau til rovvilt i Østerdal oppstår regelmessig».

– Både Nord-Østerdal og Hadeland, Toten og Hurdal er beiteprioriterte område. Det betyr at bøndene ikkje skal måtte rekne med tap til rovdyr. Det skulle også i teorien tilseie at områda blir behandla likt når rovdyr likevel tar beitedyr, men det synes altså ikkje å vere tilfelle. Ei slik rangering av beiteprioriterte område er prinsipielt svært urovekkande. At departementet tilsynelatande behandlar dette som ein normalsituasjon tyder på at dei har gitt opp å forvalte rovdyra i dette området, og det framstår nesten som ei snikutviding av ulvesona, seier Einar Frogner.

Regjeringa undergrev ulveforliket – igjen

På sommaren gjorde rovviltnemndene i Hedmark og Oslo, Akershus og Østfold sine vedtak om lisensfellingskvote for ulv for den komande vinteren. Dei gjekk inn for å opne for uttak av 12 ulv utanfor ulvesona og tre flokkar inne i sona. For å kome ned på bestandsmålet for ulv, sett i ulveforliket 2016, var det naudsynt å ta ut alle dei tre flokkane. Det kom klager på begge kvotane, og det blei dermed opp til KLD å avgjere sakene. Utanfor ulvesona blei nemndenes lisensfellingskvote ført vidare av KLD, mens departementet reduserte kvota inne i sona til ein flokk, Slettås-flokken.
Det var første gang regjeringa opna for å felle ein ulveflokk med tilhald inne i ulvesona, likevel valde dei for tredje år på rad å ikkje regulere ulvebestanden ned til bestandsmålet som ble sett av Stortinget i 2016. Vedtaket i KLD utløyste mykje sinne i heile landet og det ble sett i gong planlegging av storstilte aksjonar på nyåret.

– Dei førebelse teljingane tidleg på våren 2019 viser at det er langt fleire ulv i Noreg nå enn det vedtekne bestandsmålet – det er også fleire enn i 2018. At bestandsmålet ikkje blir fylgt opp er eit svik både mot beitenæringa og mot dei som bur i ulvesona, seier Einar Frogner.

I perioden rundt KLD si avgjersle om å stanse jakta på to ulveflokkar i ulvesona forsøkte Bondelaget å tydeleg kommunisere korleis bruken av utmarka inne i ulvesona nesten har blitt avvikla sidan innføringa av sona i 2004. Dette blei sett opp mot vedtak frå Stortinget om at sona ikkje skal bli eit reservat. Historia blei blant anna fortalt gjennom infografikk, nettsaker, kronikk og ein film frå bruket til Per Johans Tallåsen i Trysil. Det ble brukt både tradisjonelle medium, nettside og sosiale medium i spreiinga. Ein del av tiltaka nådde breitt og skapte stort engasjement.