– Stadig færre veks opp på eller i nærleiken av en gard. Open gard er difor eit kjempefint høve til å vise fram det beste norsk landbruk har å by på, og byggje bru mellom dei som lagar maten og dei som et den, seier Inger Johanne Sveen, Open gards-sjef i Bondelaget.

Sidan Open gard blei arrangert for første gong i 1988 har fleire millionar besøkjande fått stifte nærare kjennskap til landbruket. Open gard er Bondelaget sin største og viktigaste arena for å bygge kunnskap om livet på garden og om korleis maten vår blir produsert.

Jubileumsfeiring på Eidsvoll

Eidsvoll Landbruksforening var med og gjennomførte Open gard for første gong for 30 år sidan, og er det einaste lokallaget i landet som har deltatt kvart år sidan då. Arrangementet går på rundgang på ulike stadar, men i 2018 var det tilbake på Måe gard, der det ble gjennomført første gong i 1988.

Leiar av Eidsvoll Landbruksforening, Amund Dønnum, kan fortelje at arrangementet har blitt ein flott tradisjon og fungerer som eit velsmurt maskineri.

– Vi har lang erfaring og alt går på skinner. Sjølvsagt krev førebuingane mykje arbeid, men det er mange menneske som står på og gjer ein stor dugnadsjobb. I jubileumsåret 2018 var det 2000 besøkjande på Måe gard.

Dugnad og godt vertskap

Godt over 3.500 dugnadsfolk og 126 lokallag var i sving i jubileumsåret for å lage til saman 116 arrangement. Fasong og storleik på arrangementa varierte frå opne gardstun med 50 besøkjande og bygdedagar med fesjå, til nær folkevandringar med over 3000 besøkjande.

Uansett storleik er det mykje arbeid og planlegging som ligg bak, og organisasjonen jobbar for at det skal vere overkommeleg for eit lokallag å arrangere Open Gard på ein god måte. Difor har vi knytt til oss samarbeidspartnarane Landkreditt, Nortura og Tine, som bidreg med ulikt materiell og økonomisk støtte.