Nokon av klimaløysingane som Bondelaget ønskjer å satse på videre
- Betre kvalitet på grovfôr
- Biogass basert på husdyrgjødsel
- Klimarådgjeving og landbruket sin eigen klimakalkulator
- Fornybart drivstoff på traktoren
- God agronomi
- Husdyravl

Landbruket er ein viktig del av klimaløysinga, og Norges Bondelag har over lang tid jobba for å løfte fram måtar næringa kan bidra til å kutte klimagassutslepp på. Innsatsen har vore retta både mot å finne løysingar som kan redusere klimagassutslepp frå norske gardsbruk, og å finne måtar å bidra med utsleppskutt andre stadar i samfunnet, som til dømes produksjon av biogass basert på husdyrgjødsel.

Assisterande generalsekretær i Norges Bondelag, Sigrid Hjørnegård. Regjeringa har signalisert at dei ønskjer eit klimamål for jordbruket og inviterte allereie i 2016 Bondelaget til å forhandle om ein frivillig klimaavtale for jordbruket. I 2018 starta forhandlingane, og Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vedtok at dei ville forhandle samla. Sigrid Hjørnegård, ass. generalsekretær i Norges Bondelag meiner det var rett å gå inn i forhandlingane.

– Mesteparten av jordbruket sine klimagassutslepp kjem ikkje frå fossilt brennstoff, men frå biologiske prosessar i naturen. Klimaløysingar og verkemiddel for å fase ut fossil energi passar ikkje når vi skal redusere utsleppa frå naturen. Ein eigen frivillig avtale kan difor vere ei god løysing, så langt den klarer å ta vare på omsynet til norsk matproduksjon på ein god måte, seier Hjørnegård.

Må vite kva det inneber for bonden

Regjeringa starta forhandlingane med å legge fram sitt utgangspunkt for ein avtale i juni 2018. Dei la blant anna fram forslag om eit svært krevjande klimamål for jordbruket og ein knapp tidsfrist for å kome til semje. Partane blei raskt samde om at det var ønskje om eit felles kunnskapsgrunnlag for å kome vidare.

– Hausten 2018 gjekk med til å samle betre kunnskap om klimatiltak i landbruket, både kva løysingar vi meiner det bør bli satsa på og kor vi treng å vite meir, fortel Hjørnegård.

Bondelaget gav Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet og NIBIO i oppdrag å samanfatte rapportar om dei viktigaste klimaløysingane og potensialet for utsleppskutt i jordbruket. Fagrapportane blei presenterte på eit eige frukostmøte i Oslo, der representantar frå dei aller fleste politiske partia på Stortinget var til stades.

– Eg er glad for at vi gjorde ein grundig jobb med å skaffe oss best mogleg faggrunnlag. For Norges Bondelag er det heilt uaktuelt å signere på ein avtale vi ikkje veit kva inneber for bonden. Ved å få grundig kunnskap om klimatiltaka veit vi i mykje større grad kva klimaforpliktingane vil bety for næringa vår. 

Sigrid Hjørnegård - assisterande generalsekretær

 

 

Alle kutt må telje med

For Bondelaget har det vore viktig at ein eventuell klimaavtale berre skal innehalde tiltak som bonden sjølv rår over. I tillegg meiner Hjørnegård at alle utsleppskutt bonden gjer må telje med, også dei som ikkje blir fanga opp av det offisielle utsleppsrekneskapet.

– Vi meiner det er uhaldbart å avgrense avtalen til berre å gjelde tiltak og utsleppskutt som passar inn i dagens utsleppsrekneskap. Er det tiltak bonden gjer eller tiltak som andre aktørar bidreg til, må det bli ein del av den totale rekneskapen og her har vi jobba mykje, seier Hjørnegård.'

Forhandlingane fortsette inn i 2019 og ved trykkedato for årsmeldinga den 25. april var resultatet av forhandlingane framleis ikkje klart.

Illustrasjon av et av framtidens klimatiltak i norsk landbruk: