Produksjonar med dyrevelferdsprogram
• Slaktekylling
• Kalkun
• Slaktegris
• Verpehøner (under utarbeiding)

At ei matvare er produsert i Noreg skal vere ein garanti for forbrukaren, om at maten er produsert med strenge krav til dyrehelse og dyrevelferd. Det er generelt ein høg standard på dyrevelferda hjå norske bønder og dyrehaldarar. Vi har eit strengt regelverk, og folk og husdyrorganisasjonar som bryr seg om at dyr skal ha det bra. Det er mange flinke
svinebønder rundt om i landet som arbeider hardt for at dyra skal ha det bra og vere friske. Når det blir avdekka forhold som dei vi har sett hjå deler av produsentane i Rogaland påverkar det heile næringa.

Den 5. juni kom Mattilsynets sluttrapport for tilsynsprosjektet på slaktegris i Rogaland, der dei har ført tilsyn med velferd for slaktegris. I rapporten slo Mattilsynet fast at dyrevelferda ikkje var god nok på mange av dei gardane dei besøkte. Av 228 inspiserte besetningar fann Mattilsynet eit eller fleire avvik i 166 besetningar. Dei fleste avvika
gjaldt sjuke og skadde dyr eller mangel på rotemateriale. Mattilsynet sin rapport viste ei betring gjennom tilsynsperioden med færre avvik i 2018 enn i 2017.

– Dette er uakseptable forhold. Ingen dyr skal ha det slik som Mattilsynet har avdekka under fleire tilsyn på slaktegris i Rogaland, uttalte Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, i eit møte med Landbruks- og matdepartementet i byrjinga av året.

– Alle husdyrbønder har ansvar for dyras velferd på eigen gard. Gode haldningar og rutinar er viktig for å sikre god dyrevelferd, seier Bartnes, og slår fast at vi alle har eit ansvar for å ta vare på dyra våre, noko som også er viktig for næringa sitt omdømme.

 

Nullvisjon for dårleg dyrevelferd

Norges Bondelag tar rapporten på alvor, og under årsmøtet på Lillehammer den 6. juni innleia Lars Petter Bartnes med å fortelje om kor viktig det er å jobbe med dyrevelferd i alle ledd av næringa. Han uttalte også at regelverket for svinehald er godt, og at vi må sørge for at det blir følgt. Han uttrykte optimisme for det arbeidet som er sett i gong av
næringa med eit eige dyrevelferdsprogram for svin, og tok også til orde for å utvide ordninga.

– Bonden må få betre system og rutinar, slik at dyra får det bra. Vi som organisasjon må jobbe med haldningar og politikk, og slakteria og varemottaka må ta ansvar gjennom krav til bonden og rådgjeving. I tillegg er det viktig med eit godt samarbeid med Mattilsynet. Vi må rett og slett finne gode måtar å samhandle på, understreka Lars Petter Bartnes i talen sin.

Norges Bondelag godtar ikkje dårleg dyrevelferd, og har ein nullvisjon for brot på dyrevelferdslova.

 

Innhald i programmet

Dyrevelferdsprogrammet som blei rulla ut gjennom året stiller krav om systematisk dokumentasjon og regelmessige veterinærbesøk, loggføring av handtering av sjukdom og skadde dyr og tettare oppfølging frå slakteria. Grunnlaget for programmet er Helsegris, eit digitalt system for dokumentasjon og oppfølging av helse og velferd i svinebesetningar.
Dersom ikkje krava i dyrevelferdsprogrammet blir fylgt opp, og avvik ikkje blir lukka innan oppgitt frist, resulterer det i eit trekk på slakteoppgjeret.

 

9 av 10 griser er med i dyrevelferdsprogrammet

Status for programmet ved utgangen av året varat 86 prosent av totalproduksjonen var med i programmet, noko som er tilsvarande 737 slaktegrisprodusentar. Dei fleste produsentane som ikkje var innmeldt til då, var ganske små. Tala for deltaking frå Rogaland låg på gjennomsnittet for landet totalt.

– Dette er bra, vi er likevel ikkje der vi skal vere når målet for næringa er at alle produsentar skal delta i programmet; uavhengig av storleik, seier Bartnes og fortel at næringa og særleg slakteria nå har tett oppfølging av produsentane. Vi jobbar aktivt for å få med alle og innan 1. juni 2019 er målet at alle produsentane skal ha ein godkjent velferdsgrisstatus. Vi har ein nullvisjon for dårleg dyrevelferd, og gir oss ikkje før alle er med.

Bondelaget meiner

Dyrevelferd er eit høgt prioritert område for Norges Bondelag. Hovudprioritet framover er difor å få på plass ein solid grunnmur av dyrevelferdsprogram for alle produksjonar.

• Vi skal halde ved like og utvikle eit godt og strengt regelverk for dyrevelferd og dyrehald.
• Vi skal styrkje samhandlinga mellom bonde, veterinær og styresmakter og arbeide for koordinering av regelverk og samarbeid mellom offentlege tilsynsorgan.
• Det skal utviklast dyrevelferdsprogram for alle dyr i norsk husdyrproduksjon.