Nordiske landbruksorganisasjonar med felles klimauttale
Nordisk landbruk er i front når det gjeld berekraftig og klimavenleg produksjon, heiter det i uttalen frå dei nordiske bøndene.
Toppleiinga i dei dei nordiske bonde- og samvirkeorganisasjonane møtest kvart år i august i sin felles organisasjon NBC. I år skulle møtet ha vore på trehotellet i Brumunddal, men måtte på grunn av korona gjennomførast 20. august.
På møtet diskuterte medlemmene klimaspørsmål og korleis dei har takla koronautbrotet. Klima og berekraft er eit sentralt tema i alle dei nordiske landa, og mange av dei nordiske bondeorganisasjonane har planar for å få ned utsleppa og auke opptaket utan å redusere produksjonen. I fellesuttalen blir det peika på at nordisk landbruk er på topp når det gjeld klimavenleg og berekraftig produksjon, med sunne dyr, låg bruk av antibiotika, optimal bruk av sprøytemiddel og gjødsel, høge miljøstandardar og ein klimaeffektiv produksjon. Les hele uttalen her.
Husdyrproduksjonen sentral i Norden
Alle dei nordiske landa er uroa over diskusjonen som går om kjøt og klima, og framhevar kor viktig det er å halde på denne viktige distriktsnæringa samtidig som ein får til ein reduksjon av utsleppa og aukar opptaket i jord og skog.
I uttalen blir det framheva kor viktig husdyrproduksjonen er i Norden, både som ein del av økonomien og sysselsetjinga i distrikta og som ein del av den tradisjonelle dietten. – Husdyrproduksjonen bidreg til levedyktige bygder, ein balansert diett, kulturlandskap og mattrygging, heiter det i uttalen. Globalt sett er 86 prosent av husdyrfôret ueigna for menneskemat.
Like koronautfordringar
Det kom også fram på møtet at dei nordiske landbruksorganisasjonane møtte mange like utfordringar i koronakrisa.
- Vi kjenner igjen mange av utfordringane, sa bondelagsleiar Lars Petter Bartnes, som leia møtet.
Tilgang på utanlandsk arbeidskraft var ei gjennomgåande utfordring. Sverige jobba hardt for å få landbruket definert som samfunnskritisk næring og dermed unntak for innreiseforbodet. I Danmark var ein naturlegvis opptekne av også å få eksportvarene ut av landet. Det finske bondelaget leigde fly for å få inn arbeidarar frå Ukraina.
På Island var utfordringa knytt til saueslaktinga, der dei har hatt slaktarar frå New Zealand til å gjere jobben: - Vi må no lære opp islendingane til å slakte sau igjen, sa leiaren for dei islandske bøndene, Gunnar Thorgeirson. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad fortalde i ei videohelsing korleis Noreg hadde takla koronakrisa, og det gode nordiske samarbeidet dei hadde hatt under krisa. Hør statsråd Bollestad si innleiing her.
Fokus på nasjonal produksjon
Alle dei nordiske landa opplevde også eit sterkare fokus på nasjonal produksjon under krisa. I Sverige opplevde dei at forbrukarane var meir opptekne av å bruke svensk kjøt heime på kjøkkenet enn restaurantbransjen er. Samtidig opplevde grøntnæringa press frå billig import.
- Koronakrisa har vist at det er naivt å tru at vi berre kan importere det vi treng i ein krisesituasjon, sa leiaren for den svenske bonde- og samvirkeorganisasjonen, LRF, Palle Borgström. Han er også leiar for NBC fram til neste sommar. Då tek Danmark over formannskapet.