-Bøndene mister makt i den lange verdikjeda for mat. Det konstaterer World Farmers` Organisation i ein resolusjon vedteken på generalforsamlinga sist veke i Luxemburg. For å betre tilhøva for bøndene ber organisasjonen om lovregulering:

- Politikarar må analysere uheldig handelspraksis og utvikle reguleringsprosessar som gir bønder moglegheit til å få ei rettferdig og stabil inntekt for produkta sine.

EU har nettopp vedteke ei lov om god handelsskikk, der dei forbyr uheldig handelspraksis som for sein innbetaling, einsidig endring av kontraktar og avbestilling på kort varsel.

- Vi er veldig glade for denne lovgjevinga, som vi har jobba for i årevis, no gjeld det berre at lova blir følgt opp av medlemslanda sa Paulo Gouveia frå bonde- og samvirkeparaplyen COPA-COGECA.  Han deltok i ein paneldebatt om matmakt under generalforsamlinga, der Bondelaget var ordstyrar.

Dave Velde frå National Farmers` Union i USA peika i same debatten på dei store utfordringane amerikanske bønder møter i verdikjeda for mat. Fire kjøtbedrifter dominerer heile den amerikanske marknaden, ingen av dei er samvirke, fleire er eigde av utanlandske selskap. På kyllingsektoren eig dei heilt ned til kyllingen. På mjølkesektoren har daglegvaregiganten Walmart kjøpt opp meieri der dei produserer eigen merkevarer. Bonden sit igjen med lite makt og rekordliten del av overskotet, berre 14,6 cent per dollar etter sist oppteljing. Også bøndene i USA jobbar for betre lovgjeving.

- Vi har lover mot samanslåing av selskap, men styresmaktene har ikkje vist vilje til å følgje opp, sa Velde.

Jobbe mot antibiotikaresistens

Bøndene vedtok også ein resolusjon for redusert bruk av antibiotika. Regjeringar og internasjonale styresmakter blir bedt om å inkludere bøndene i arbeidet.

Norges Bondelag er medlem i World Farmers` Organisation. Organisasjonen har rundt 70 bonde- og samvirkeorganisasjonar frå alle verdsdelar som medlemmer.

Les meir på WFOs heimeside