Kom med innspel til jordbruksforhandlingane
Studieheftet for jordbruksforhandlingane er no på veg ut til lokallaga.
Studie- og høyringsarbeidet i lokallaga i forkant av jordbruksforhandlingane er viktig for å byggje kunnskap om landbrukspolitikk i organisasjonen. Det er også ein viktig arena for å gje innspel til forhandlingsutvalet om behova i næringa. I studieheftet som no er på veg ut til lokallaga, drøftar vi ulike tema som er venta å bli sentrale i jordbruksforhandlingane.
Mange viktige tema til diskusjon
Mange viktige tema blir gjennomgått i studieheftet, og dette er tema som det også er venta at det vil bli diskusjon om i forhandlingane, slik om inntektsmålet i jordbruket. Kva skal vi kreve? Og korleis skal vi handtere overskotet av sau/lam og svin? Høyringsuttalene frå lokallag er viktige når fylkeslaga skriv høyringsinnspel og når forhandlingsutvalet skal gjeresine prioriteringar.
Hugs fristen!
Studiearbeidet må vere avslutta før 19. februar. Det er nemleg siste frist for å levere innspel frå lokallaga gjennom det elektroniske svarskjemaet Questback. Lokallagsleiarane får tilsendt lenke til svarskjemaet på epost.
Vi ser fram til å få innspel og håpar studiearbeidet gir god opplæringa og gode diskusjonar.