På plass på WTO-ministermøte
WTOs møte i Kamerun tek viktige avgjerder, også for norske bønder. Midt i krig og handelskonflikt prøver organisasjonen å gjere seg relevant for nye tider.
Verdas Handelsorganisasjon (WTO) held ministermøte i Kamerun denne veka.
- Sjølv om det ikkje er venta store avgjerder på landbruk, er det viktig at vi er til stades og tek i vare interessene til norske bønder, seier 1. nestleiar i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit. Ho er med i den offisielle norske delegasjonen, som er leia av utanriksminister Espen Barth Eide. Eide har også har ei sentral rolle i å leie reform-forhandlingane i WTO. I delegasjonen sit også fire stortingspolitikarar og representantar for NHO, LO, sjømat og sivilsamfunn.
Stillstand på landbruk
Verdas Handelsorganisasjon har ikkje klart å forhandle fram ei ny omfattande avtale sidan Uruguay-avtala vart vedteken i 1994 og WTO som organisasjon vart oppretta i 1995. Det er framleis den avtala som gjeld, også på landbruksområdet, og som set grenser for kva vi kan gi i såkalla handelsforstyrrande gul støtte, og kor sterkt tollvern vi kan ha.
Sjølv om det ikkje er laga ei omfattande ny WTO-avtale sidan 1994, vedtok ministermøtet i Nairobi i 2015 å forby eksportstøtte, eit vedtak som ramma Sveits, Canada og Noreg, og som råka 7-8 prosent av norsk mjølkeproduksjon.
- Det som blir vedteke i WTO på landbruk får direkte konsekvensar for norske bønder. I 2024 måtte vi ta ut mjølk frå målprissystemet fordi vi nærma oss taket for den handelsforstyrrande støtta, og tidlegare har vi teke alt av kjøtprodukt ut av målprissystemet av same grunn, seier Fjelltveit.
Ministermøtet er WTOs høgste organ og skjer normalt kvart andre år. På årets ministermøte er det ikkje venta substansielle vedtak på landbruk. Det er lagt fram fleire forslag til kutt i toll og støtte frå medlemslanda, men forslaget som forhandlingsleiaren på landbruk, som er frå Pakistan, har lagt fram til diskusjon på møtet, er generelt og slår i hovudsak fast at medlemmene skal forhandle vidare etter ministermøtet.
- Landbruk er eit sensitivt tema for mange land, ikkje berre Noreg. Det dreier seg om tema som matsikkerheit og beredskap, bygdeutvikling og sysselsetting, som er viktig for alle land, seier Fjelltveit.
Reformere for å bli meir tilpassa nye tider
Medlemslanda har ikkje klart å bli samde på landbruksområdet eller andre område etter forhandlingar i årevis. Alle må vere samde før ei avtale kan underteiknast. No møter organisasjonen kritikk for å vere ineffektiv og miste sin relevans. I tillegg har USA med Trump i spissen kritisert organisasjonen og innført toll som bryt med regelverket. Dei ynskjer også å gå bort frå MFN-prinsippet, som gir like gode vilkår til alle land (omfattande bilaterale og regionale avtaler kan unntakas), og har nekta å oppnemne nye dommarar til appelldomstolen, som no er ute av drift.
Diskusjonane om reform, som har vore leia av den norske ambassadøren til WTO, Petter Ølberg, dreier seg m.a. om korleis vedtaka i organisasjonen skal takast, kva krav og rettar utviklingsland skal ha og korleis ein skal få til like konkurransevilkår mellom medlemslanda.
Møter bønder frå andre land
Til stades i Kamerun er også mange representantar for frivillige organisasjonar og næringsliv. World Farmers’ Organisation (WFO), der både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke er medlemmer, er også til stades med leiar og generalsekretær, samt medlemmer frå ulike land. Hildegunn Gjengedal frå Norges Bondelag er fasilitator for handelsgruppa i WFO og deltok som representant for WFO på møte med generaldirektøren i WTO, Ngozi Okonjo-Iwaela gjennom Civil Society Advisory Group.
- Det er ein viktig møteplass for bønder frå ulike land. WFO representerer både eksportørar og importørar, land i Nord og Sør, men vi er alle opptekne av at bøndene må få gode rammevilkår for å produsere og bidra til matsikkerheit, noko som er særskild viktig akkurat no i ei uroleg verd, seier Fjelltveit.
Forhandlingane vil etter planen bli avslutta søndag.