I ein felles resolusjon ber bøndene og samvirka om eit økonomisk og politisk klima som skapar lønsemd og framleis grøn utvikling i jordbrukssektoren.

- Utan ein forbetra økonomisk stabilitet vil det vere komplisert å foreta nødvendige investeringar i auka berekraft og mindre klimabelastning, heiter det i resolusjonen frå det årlege møtet i Nordens Bondeorganisationers Centralforbund (NBC).

Møtet fann stad i Seinäjoki i Finland 17.-19 august. Rundt 60 personar deltok i møtet, inkludert leiarane for dei nordiske bonde- og samvirka. Frå Noreg deltok Norges Bondelag, Norsk Landbrukssamvirke og Norges Bygdeungdomslag. To finske ministrar deltok også på møtet.

Finnane er alltid førebudde på det verste

Deltakarane diskuterte korleis landbruket kan takle ei meir uføreseieleg verd med pandemi, krig og klimaendringar. Finland har lagt stor vekt på matsikkerheit og matvarelager, og den finske ministeren med ansvar for matvaresikkerheit peika på at jordbruksproduksjonen må auke med 28 prosent for å nå berekraftsmål 2 om redusert svolt.

- Vi treng difor meir produksjon og samtidig respekt for naturen. Utfordringa ligg i å få nok matproduksjon, lønsemd i produksjonen og berekraft, sa minister Thomas Blomqvist.

Finland har ambisjonar om å bli klimanøytrale innan 2035.

- Då må skogen vere ein del av løysinga og der har vi ein fordel i Norden, sa Blomqvist.

Han trakk fram at det nordiske samarbeidet blir stadig betre, sjølv om det også er skilnader i haldningar.

- Vi i Finland trur alltid at det verste kan skje, medan svenskane er optimistiske og trur ting ordnar seg. Vi vart sett på som gammaldagse, men no veit vi at det ikkje er sjølvsagt at det kjem mat i hyllene. I krisetider kan det vere ein fordel å vere førebudd på det verste, sa Blomqvist.

Både han og den finske landbruksministeren peika på eit styrka nordisk samarbeid under pandemien og med det planlagde NATO-medlemskapet for Sverige og Finland. Også landbruksminister Antti Kurvinen er oppteken av økonomien i landbruket:

- Auka lønsemd er nødvendig for å sikre rekrutteringa til landbruket, sa Kurvinen, som var noko oppgitt over EUbyråkratiets manglande forståing for matsikkerheit.

Frihandel fungerer ikkje

Fleire peika også på at frihandel ikkje har fungert som ein trudde.

- Vi lever i ei brytingstid. Vi trudde frihandel og samarbeid skulle løyse kriser, og vi har teke det til ein  i Sverige, men det har ikkje fungert, sa den svenske bondelagsleiaren Palle Borgström under paneldebatten mellom bondelagsleiarane.

Leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag var samd og peika på at Noreg har spesielle utfordringar knytt til å sikre lite areal spreidd over heile landet, og treng ein politikk for å ha lønsemd og produksjon over heile landet, noko som også krev grensevern.

Den danske bondelagsleiaren Søren Søndergaard peika på at marknaden må bestemme.

- Vi må forklare forbrukaren verdien av å kjøpe kvalitetsprodukt, sa Søndergaard, som også peika på samvirke si viktig rolle for å styrke bonden i verdikjeda for mat.

Søndergaard er akkurat no leiar for NBC. Leiarvervet går på rundgang og neste haust overtek Noreg stafettpinnen for 2 år.

- Det er veldig nyttig for oss å møte bondelaga i dei andre nordiske landa. Sjølv om vi er ulike har vi mange felles utfordringar, som kostnadsauke, redusert lønsemd, klimaendringar og press i verdikjeda for mat. På møtet her kan vi diskutere utfordringar og få idéar til gode løysingar. Vi har til dømes mykje å lære av finnane på matberedskap, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.