Forumet blir arrangert kvart år av Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Der kan organisasjonar og næringsliv arrangere møte i tillegg til WTO sjølv. I år deltok over 3000 personar på knapt 150 debattmøte.

Treng støtte og importvern for å produsere

Eitt av møta var arrangert av Norges Bondelag saman med dei sveitsiske og kanadiske bondelaga. Temaet var matsikkerheit og handel. Hoen var ein av paneldeltakarane og presenterte kvifor vi treng støtte og importvern for å produsere mat i eit langstrakt, kaldt land med små bruk og høge kostnader. Hovudbodskapen var at Noreg og alle andre land må få nok politisk handlingsrom til å gi støtte og ha eit sterkt nok importvern til å produsere den maten dei kan til sitt eige folk. Det styrkar matsikkerheiten globalt.

Mange av tilhøyrarane var samde, også representanten frå det kanadiske bondelaget i panelet peika på kor viktig nasjonal matprduksjon var for global matsikkerheit. Representanten frå Rwanda i panelet fortalde om behovet for auka budsjettmidlar, betre transportvegar, forsikringsordningar, vatning og produktivitetsauke. – Det er viktig å trene opp småbønder og bygge samvirke. Vi treng støtte til småbøndene, for eksempel til drivstoff til traktorane. Vi må kunne produsere nok mat til innbyggarane våre, sa Francois-Xavier Mbabazi frå bondelaget i Rwanda.

Men det var også dei som meinte meir handel og mindre støtte er vegen å gå, og at land i-land må importere meir for å støtte fattige bønder i land som Paraguay. Hoen framheva at alle land, inkludert Noreg, må ha handlingsrom innanfor WTO-regelverket til å produsere det vi kan av landbruksprodukt til vårt eige folk.

Kritisk for produksjonen i Ukraina

Mariya-Khrystyna Koziy frå Ukraina deltok også i panelet og fortalde om utfordringane krigen gir ukrainske bønder: - Krigen gir matusikkerheit for heile kloden. Såinga er ramma av krigen. Vi kan sikre oss sjølve, men eksporten har gått ned. Vinteravlingane er venta å bli berre 60% av eit normalår, sa Koziy.

- Må tenke utanfor boksen

Matsikkerheit og berekraft var tema i mange av debattmøta under årets WTO-forum. Generaldirektør i WTO, Ngozi Okonjo-Iwela, frykta nedgang i handel og globale økonomiske nedgangstider og åtvara mot å berre halde fram som før. – Vi har tryggleikssjokk, klimasjokk, energisjokk og matprissjokk. Vi kan ikkje halde fram som før, vi må tenke utanfor boksen, sa Okonjo-Iwela ved opninga av forumet. Ho meinte ministermøtet i vår ga mange gode resultat, men at det framleis er langt å gå.

Retreat skal få fart på forhandlingane

På landbruksområdet skjedde det lite på ministermøtet i juni. No skal medlemslanda møtest til uformelt møte, eller ”retreat” seinare i oktober for å prøve å få fart på forhandlingane på landbruk. Det same skal testast ut på andre forhandlingsområde.

Norges Bondelag hadde møte med fleire bondelag og den norske delegasjonen då dei var i Geneve på public forum.

- Dette er ein veldig nyttig arena for å utveksle erfaringar og fremje vårt syn. Sjølv om mange er samde med oss i at vi treng fleksibilitet til å produsere mat lokalt, er det også nok av dei som ser heilt annleis på verda: At meir handel og lågare støtte er vegen å gå for å styrke matsikkerheit og berekraft, seier 1.nestleiar Egil Chr. Hoen i Norges Bondelag.