Eg er 18 år og går på Mo og Øyrane vgs. Eg drøymer om å bli bonde og ta over heimgarden min. Å produsere mat er nemleg noko av det finaste ein kan gjere. Ikkje berre produserer ein ei livsnødvendig vare som alle treng, i Noreg er også landbruket den største sysselsettaren i distrikta. 

I Sogn og Fjordane skapar matproduksjon arbeid for mange. Ikkje berre bonden, men dei tilsette på slakteri, meieri og syltetøyfabrikken for å nemne nokon. Eg er derfor langt frå åleine om å ynskje meg ei framtid i næringa, for medan eg vil bli bonde er det andre som drøymer om å bli veterinær eller meierisjef. Eg syns det er skremmande at regjeringa stadig gjer nye grep for å lønne dei store på kostnad av dei små. Dei siste åra har dei små melkebruka tent 100.000 kr mindre per årsverk enn dei store. I Sogn og Fjordane er det få gardar som har moglegheit til å utvide drifta, sidan naturen ikkje gjev grunnlag for stordrift. 

I Sogn og Fjordane er det få gardar som har moglegheit til å utvide drifta, sidan naturen ikkje gjev grunnlag for stordrift. 

Jord er grunnlaget for all matproduksjon, og berre 3 prosent av det samla landarealet i Noreg kan brukast til å produsere mat. Skal vi auke norsk matproduksjon i takt med befolkningsveksten må vi ta i bruk all jorda vi har, også den som ligg inni tronge vestlandsfjordar.

Over fleire år har ikkje vestlandsbonden fått vere med på inntektsveksten som resten av jordbruket har hatt. Fortset dette vil det vere vanskeleg for unge som meg å ta del i næringa. Jordbruket har i år kravd eit ekstra inntektsløft for vestlandsbonden i årets oppgjer. Dette er eit sårt trengt løft som vil kome næringslivet i ein heil landsdel til gode. 

I årets jordbruksoppgjer håpar eg at regjeringa vel å sjå på meg, ein komande vestlandsbonde, som ein kar med framtida framfor seg i landbruket.