Mange har spurd meg om haldninga mi til moglege politiske konstellasjonar. Kva som er det verste alternativet bøndene i Norge ser for seg i framtida. Alternativa er fleir enn dei politiske partia som kanskje avsluttar forhandlingane i dag. Den største utfordringa er at vi ikkje veit – vi veit ikkje kva politikk dei fire, dei tre, dei to eller til og med kanskje berre det eine partiet vil føre dei neste fire åra.

I Norges Bondelag har vi ei hovudoppgåve: å arbeide for den einskilde bondens rammer for arbeidet i åra som kjem – å arbeide for at næringa vår har ei framtid i avgjerande år for Norge og for heile verden. For å møte utfordringane må vi og bønder i heile verda produsere meir mat. Det er eit enkelt bodskap, men det er særs vanskelig å gjennomføre utan at det løner seg å produsere mat, utan at vi tek heile landet i bruk.

I eit slik bilde, uavhengig av kva regjering vi som styrer, er det viktig at vi synleggjer kva landbruket i Norge bidreg med. I form av mat produsert over heile landet med ein landbrukspolitikk som i stor grad utliknar forskjellar i geografiske og topografiske utfordringar den einskilde møter i kvardagen. Matproduksjonen som er grunnlaget for korleis landet vårt skal sjå ut, grunnlaget for arbeidsplasser i næringa, i vidareforedling i service- og tjenesteyrker og i kommunane over heile landet.

Då handlar det samstundes om korleis vi som bønder blir oppfatta hos dei som vi ønskjer skal oppfatte verdiane landbruket bidreg med – for heile samfunnet. Den stolte bonden, bonden som er stolt av kva han eller ho bidreg med kvar dag, den stolte bonden som kvar dag kjempar for seg, sin familie, for kollegaer og for heile næringa. Den stolte bonden som rettar blikket framover, og møter utfordringane i kvardagen i trua på at framtida er vår. Ikkje for vår eigen del, men med vissheiten om at matproduksjon er den avgjerande del av løysinga der landet står foran utfordringar med klima og auka matproduksjon som oppgover som må finne ein berekraftig veg - uavhengig av farge på dei som flyttar inn i regjeringakontora.

I valgkampen har me synleggjort kvad ei einskilde partiene står for i si politikk for næringa vår. No skal me synleggjere kva vi står for, kva næringa vår står for, kva næringa har stått for i formav historie, kultur og mat – og, kva næringa inneheld av moglegheiter som del av ei framtid der politikk for felles løysingar blir viktigare enn nokon gong.