Mat er viktigare enn veg..

  • Tips en venn om denne siden

..Provoserande? Kanskje det. Men likevel eit uomtvisteleg faktum.

Geografien gjer at Norge er avhengig av småbruket for å utnytta potensialet sitt for matproduksjon

Mennesket må ha to ting for å leva. Vatn og mat. Eller, tre, ettersom me trass alt bur i Noreg. Klede. Det er livsgrunnlaget for ein nordmann – alt anna føreset desse tre. Difor er mat viktigare enn veg. Og fordi me ikkje har nokon vassminister, har Sylvi Listhaug frå Frp fått Noregs viktigaste jobb. Så enkelt er det.

Noregs viktigaste jobb

Dette er ein deduksjon. Premissa for livet er vatn, mat og – på våre breiddegrader – klede. Ja, og så forplantning, viss ein tek generasjonsperspektivet, men den biten har ein tendens til å gå av seg sjølv, så eg skal ikkje seia meir om det.

Eg vil påstå det ikkje går an å vera ueinig. Difor er konklusjonen sann. Livet er eit korthus med tre kortpar i botnen for den enkelte nordmann: Vatn, mat og klede. Tek ein vekk eitt av desse, ramlar alt anna saman.

Kvifor har me då nettopp vore gjennom ein valkamp der berre Senterpartiet og til dels KrF av Stortingspartia ser på landbruks- og matpolitikk som ei kjernesak? Kvifor syner ei undersøking frå kommunikasjonsbyrået Zynk at det for kvar veljar som seier landbruks- og matpolitikken er viktigast når dei velgjer parti, går åtte veljarar som seier samferdslepolitikken er viktigast for val av parti?

Det finst berre eitt svar, og det er såre enkelt. Import. Me kan importera maten me treng, til og med til ein lågare pris enn norske bønder lagar den. Difor ser politikarar og veljarar på landbrukspolitikk, som i hovudsak handlar om norsk matproduksjon, som mindre viktig enn samferdslepolitikk, skulepolitikk (Det viktigaste politiske området i følgje Zynk si undersøking) og helsepolitikk (Delt andreplass med samferdsle på nemnde ”viktigheitsskala”). Difor vil mange seia Listhaug ikkje har landets viktigaste jobb likevel – dei har Torbjørn Røe Isaksen, Ketil Solvik-Olsen og Bent Høie. Ja, Erna Solberg også – ho er jo sjefen for dei alle. Eg er framleis ikkje einig – Listhaug er matminister, ansvarleg for at me får mat på kort og lang sikt, for å setja det på spissen. Noregs viktigaste jobb

Kompleksitet

Framleis er deduksjonen i starten av denne tankerekkja urokkeleg – med unntak av vatn er mat viktigare enn alt anna. Men nokon andre enn norske bønder kan altså laga den. Kvifor kan me importera mat? Nettopp på grunn av samferdsle. Då kan me gå vidare: Kva er viktig for god helse? Riktig mat, mellom veldig mykje anna. Poenget? Samfunnet er komplekst, blir meir og meir komplekst heile tida. Alt heng saman med alt. Og då nærmar eg meg det denne tankerekkja eigentleg skal handla om.

Som livet er også samfunnet eit korthus. Fjernar du eit kortpar vil alt over ramla i hop. Kor høgt dei ulike kortpara står i denne pyramiden av eit ”samfunnskorthus” er vanskeleg, for ikkje seia umogleg, å bedømma. Eit enkelt døme: Utan samferdsle, transport, kjem ikkje maten fram til dei som ikkje produserer den sjølve og samfunnet vil falla i hop. Tittelen blir flåsete i perspektiv av det moderne samfunnet – det er for mange ting som heng saman til at ein enkelt kan fastslå at noko definitivt er viktigare enn noko anna. Uansett – også det moderne samfunnet er heilt avhengig av mat for å fungera, så maten ligg i botnen av pyramiden, uansett korleis ein vrir og vender på det. Berre for å ha poengtert det.

Me har altså slege fast at nordmenn kan overleva utan at det vert produsert ein potet, ei gulrot, eitt lammelår i Noreg. Ingen god konklusjon for norske bønder og Norges Bondelag. Kvifor skal me sjå kjempa for framleis, til og med auka matproduksjon og på toppen av det heile i alle krikar og krokar av dette landet?

Rasjonalitet

Mange stiller seg dette spørsmålet, spesielt det som handlar om heile landet, kvar krik og krok. VG køyrde i slutten av september ei forsidesak om at ”Høyres rike onkler vil ha kutt i formuesskatten”. Inga stor nyhende, men det er no så. Ein av onklane, god for seks brukbare jordbruksoppgjer, sa følgjande: ”Senterpartiets politikk med mange og små bruk er dødsdømt. Vi må ha en politikk som akselererer nedleggelsen, slik at vi får en rasjonell drift på de gårdene som blir igjen.”

Rasjonell drift er eit godt innarbeidd omgrep som vel, i landbrukssamanheng, gjerne tyder lønsam drift utan snåle subsidiar som tek av skattepengane. Men ei vidare tolking av rasjonelt handlar om vesentleg meir enn lønnsemd på kort sikt. Å vera rasjonell betyr at ein ”oppnår eit resultat på ein måte som ikkje er tilfeldig”. Spørsmålet vert altså kva resultat ein ønskjer. Dei rike onklane ønskjer altså mindre skatt, og skattelette betyr at ein må kutta i andre enden, for eksempel subsidiar til småbruk. Men viss resultatmålet er noko anna, noko større, meir langsiktig ser det kanskje annleis ut.

Lat oss snu på sitatet i VG-artikkelen. Kven er dødsdømd utan småbruk? Slik på lang sikt. Ta store deler av næringsmiddelindustrien. Ta ulike greiner av handverksnæringa og reiselivet.

Konsekvensane for reiselivet er interessant. Turistar kjem til Norge for å oppleva naturen i samspel med kulturlandskap og norsk kulturhistorie, fyrst og fremst. Ein smak av kulturhistorie, for eksempel geitost og spekemat av kje samstundes som ein kan sjå geitene beita i kulturlandskapet, er avhengig av småbruk. Naturen finn me på eller i tilknyting til bygdene, i all hovudsak. Infrastrukturen som gjer det mogleg å koma seg til bygdene og rundt om i bygdene vert halde oppe og utbygd fordi det (framleis) bur ein del folk der som treng dette, trass alt.

Verdiskapinga i og rundt landbruket, bygdeidentiteten, grunnlaget for viktige fritidsaktivitetar på bygda heng altfor tett saman med småbruket til at det går an å tru småbruksdød ikkje vil føra til bygdedød mange stader. Og bygdedød er altså svært dårleg nytt for reiselivsnæringa.

Då kan ein gå vidare og sjå på kva næringar som vil få seg eit skot for baugen når reiselivet har mista mykje av livsgrunnlaget. Eg skal ikkje ei gong byrja, eg har tru på at lesaren sjølv kan tenkja seg.

Tvitydig regjeringsplattform

Sett i lys av dette er det tre setningar i den blåblåe regjeringsplattformen som seier veldig mykje. Eitt avsnitt startar med følgjande setning: ”Landbruk er viktig for mat- og planteproduksjon, bosetting og kulturlandskap Norge”. Neste avsnitt startar slik: ” Regjeringen ønsker et tydeligere skille mellom landbrukspolitikk og distriktspolitikk.” Fyrst slår ein fast at landbruk er viktig for busetnad, altså at landbruks- og distriktspolitikk heng nøye saman. I neste omgang blir det viktig å skilja desse to . Kva skal ein tru på? Ei tredje setning seier at ein vil ha meir kostnadseffektiv produksjon – det kan ikkje tolkast som noko anna enn ønskje om større, færre bruk. Raskare småbruksdød er målet.

Kor godt innsyn har eigentleg den nye regjeringa i korleis Norge vil sjå ut utan småbruk? Kva akselrasjon av småbruksdød vil riva med seg i fallet? Den oversikta har eg ikkje sjølv, det er for komplekst. Men tankane går fort til Sverige. Tankane eg ikkje vil tenkja.

Det verkeleg skremmande er at plattformen i fyrste omgang ser ut til å augna ein flik av kompleksiteten for i neste omgang å ikkje bry seg om den. Det kan altså tolkast som at det ikkje er så nøye med bygdedød, eventuelt at dei var uheldige med formuleringane. Eg, og fleire med meg, håpar på det siste.

Å nå eit resultat på ein ikkje-tilfeldig måte i eit samfunn er altså ei krevjande øving. Faren er at kostnadseffektivitet som einsidig resultatmål gjev kortsiktig vinst og tap på lengre sikt.

Bruk for kvar jordlapp på sikt

Og når me snakkar om langsiktigheit skal eitt poeng til nemnast. På lang sikt vil det bli bruk for den minste jordlappen i den mest utilgjengelege kroken i Norge. Folketalet i verda  aukar for kvart år, samstundes som me altså ikkje har meir matjord å ta av globalt, den blir heller bygd ned. Etter kvart som nye land blir rike og kostnadsnivået i desse landa aukar, vil dei også satsa mindre og mindre på jordbruk fordi maten er billegare å importera frå andre. På eit eller anna tidspunkt må matvareprisane bli pressa voldsomt opp fordi etterspurnaden aukar med meir folk og mindre mat. Då blir det svært lukrativt å vera bonde. Tippoldebarna til  Høgres rike onklar skulle kanskje ønske at de fikk eit småbruk til jul. Til slutt  kan eksport av mat bli kutta fordi landa treng maten sin sjølv. Dette er eit tidsspørsmål og perspektivet treng ikkje vera frykteleg langt – det veit me ikkje nøyaktig. Me er tilbake der me starta – mat blir viktigare enn veg. Me hadde berre gløymd det i mellomtida då mat var lett å få tak i.

Regjeringsplattformen tek på sett og vis omsyn til dette. ”Arbeide for en høyest mulig selvforsyning av mat av beredskapshensyn”, er eitt av punkta i plattformen. No handlar vel beredskap om krisesituasjonar; plutselege, uføreseielege hendingar som måtte oppstå, og det er eit godt poeng. Men høg sjølvforsyningsgrad blir altså viktig, heilt avgjerande grunna ei svært føreseieleg utvikling; folkevekst. Og korleis denne sjølvforsyningsgraden skal auka om ein berre skal satsa på store, kostnadseffektive bruk framstår som ei gåte for meg. Har alle vestlandsstatsrådane som no gjer sitt inntog i regjering sett sin eigen landsdel, slik nord for Jæren, meiner eg? Smålappar her og der, høgt og lågt, bratte og på ingen måte firkanta. Eg kan ikkje forstå korleis ein skal driva store bruk på slike plassar. Og då må ein såkalla rein kostnadseffektiv landbrukspolitikk gjera at det blir vesentleg mindre matjord i bruk, og derav lågare sjølvforsyningsgrad. Så langsiktigheiten her får eg ikkje fatt på – når me om nokre tiår verkeleg for bruk for jorda att; skal me byrja å rydda alt som har grodd til i mellomtida slik me gjorde for hundre år sidan? Fjerna veg og bygningar me la oppå matjord? Eg ser ikkje den langsiktige tankegangen når me veit i dag at me garantert vil få bruk for jorda.

Det er lett å dra parallellar til global oppvarming – me veit at me må ha eit klima som gjer jorda bebueleg også om hundre, tusen, titusen år, nett som me veit alle treng mat, men det er ubekvemt eller uøkonomisk å gjera nødvendige tiltak no som gagnar framtida. Og begge deler handlar om at alle land må gjera litt – stimulera til kollektivtrafikk og ta vare på dei små jordlappane – så blir resultatet godt i den store rekneskapen.  Skilnaden er at tiltaka for matproduksjonen er lettare å setja inn, eller rettare sagt slik det ligg an her til lands no: unngå at eksisterande tiltak som stimulerer til matproduksjon i heile landet blir fjerna. Ein annan skilnad er at konsekvensane av mindre matjord er meir føreseielege enn konsekvensane av varmare klima – det blir mindre mat og me kan metta færre – så enkelt, men likevel så vanskeleg når det må subsidiar og skattepengar til.   

Minister med stort ansvar

Erna Solberg spesielt men også Siv Jensen brukte mykje tid av valkampen på å snakka om nettopp langsiktigheit. At det var dårleg økonomi på sikt å klatta på vegane her og der, at sjukeheimar må dimensjonerast for å møta eldrebølgja – at det er betre økonomi å bruka mykje pengar på å rusta opp heile landet no enn å setja det på bok. Fine ord, gode poeng. Eg skulle berre ønskja dei to damene la an det same langsiktige perspektivet og såg dei komplekse samanhengane når det gjaldt landbruks- og distriktspolitikk. Høgre og Frp er jo næringsparti og vil jobba for eit land med mange føter å stå på, eit rikt monn av næringar. Det kan jo i same andedrett nemnast at mange små og vellukka føretak som driv med produksjon av gardsmat og gardsturisme nettopp finst på småe og mellomstore bruk – og/eller supplerer med råvarer frå småbruk i nærområdet. Slike føretak har gjerne kome til for å gje småbruket eit ekstra bein å stå på, og gardsmatprodukt er altså vorte svært populært hjå alt frå turistar som kjem innom for å kjøpa med seg noko ”ekte norsk” heim direkte frå ein gard til gourmetrestaurantar som serverer alt frå Varangersalta agurk til vill-lam frå Imsdal. Kanskje vil ein del av desse klara seg også med ein blåblå landbrukspolitikk nettopp fordi dei har gardsmatutsalet, men også desse starta opp fordi det fanst eit småbruk å ta utgangspunkt i, og det fanst der fordi landbrukspolitikken har gjort det mogleg å driva småbruk. I tillegg kjem altså at gardsmatprodusentane gjerne tek inn noko av kjøt-, frukt- og grønsaksprodukjsonen frå kringliggjande gardar, og som er avhengige av ein småbruksvennleg politikk for å halda basisproduksjonen gåande. Altså; god marknad for gardsmat til trass; driftsgrunnlaget for småe og mellomstore bruk er framleis avgjerande for at gardsmatnæringa skal utvikla seg positivt.

Landbruket, ikkje minst småbruket, er eit kortpar mange andre kortpar kviler på. Eg kan ikkje forstå at det er rasjonelt å gå i strupen på småbruket då – viss resultatmålet er mangfald av næringar. Like lite som eg forstår logikken bak å ønskja høg sjølvforsyningsgrad der verkemiddelet skal vera å kvitta seg med driftsforma som mogleggjer landbruk i heile landet.

Det blir spennande å sjå kva Sylvi Listhaug, den nye landbruksministeren, legg an av rasjonalitet når ho for alvor kjem inn i den nye jobben. Kva ho augnar av kompleksiteten. Alt kjem ikkje til å bli som det har vore, og det kan godt vera at ein del endringar og reformar er på sin plass, men det einsidige fokus på kostnadseffektive, store bruk er eg og mange med meg livredd.

Men ho har sagt ho skal setja seg godt inn i næringa. Det høyrest bra ut, ho har trass alt Noregs viktigaste jobb.

 

0 Kommentarer

Det er ingen kommentarer

Legg til kommentar

Felter merket med fet skrift må fylles ut
Namdalseid Bondelag. Anette Liseter i midten

Jeg vil ikke bli den siste bonden i bygda

Ingen vil bli den siste bonden i bygda. Derfor må vi som bønder ta vare på hverandre, det kollegiale fellesskapet og landbrukspolitikken som gir rom for både de små og de store, skriver Anette Liseter i dette innlegget.

Ammeku

Et privilegium, men ingen hobby

Kalvinger på julaften, våronn i konfirmasjonstiden, og innhøsting hele høstjakta. Vi er der for deg og det er ingen plass vi heller vil være, men ikke gratis, skriver Johan Martin Tovslid om livet som bonde.

Vafler illustrasjonsbilde

Brunost, vafler og andre verdier

Det er ikke alle politikere som stiller opp for verdiene fra norsk jord. Ikke engang de politikerne som elsker brunost og vafler, skriver Lars Petter Bartnes.

Selmer Wathne

Landbrukets framtid

Helt fra jeg var liten har jeg visst en ting: jeg skal bli bonde, jeg skal overta gården hjemme.

Steffen Fjellestad

Ikkje store nok for regjeringa?

Er regjeringa sin framtidsbonde dei som kan vekse seg større og større, eller håpar dei at også unge som drøymer om eit gjennomsnittleg vestlandsgardsbruk finn vegen inn i landbruket?

Eirik Østebø

Ein ung bondes draum

Å vera bonde er ein livsstil, og eg håpar at mange ungdommar vil gå inn i denne livsstilen. Vil du hjelpe til med å få norsk mat på bordet?

Torstein B Klev

Jeg vil ta ansvar i framtida!

Hvis den eneste framtida regjeringen ser for bonden er å vokse seg større, ser det mørkt ut for maten og arbeidsplassene som det norske distriktslandbruket gir.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
20
Juni

Generalforsamling i BS

Landbrukets hus
Onsdag
20
Juni

Styremøte i Norges Bondelag

Landbrukets hus
Tirsdag
14
August

Gården som læringsarena i skolen

Auditoriet, Arendal Bibliotek

Våre samarbeidspartnere