Medan dei andre utsendingane har delteke i årsmøtet tidlegare stiller Knut Tore for første gong, og er av den grunn gjerne noko meir spent enn dei andre utsendingane.  - Eg vonar fokuset vert retta framover på korleis vi skal løyse dei utfordringane som næringa har, seier han.

Utsendingane frå Sogn og Fjordane: F.v. Lidvin Hage, Marit Flatjord, Knut Tore Nes Hjelle, Margunn Bjørkelo, Bjarte Myren, Per Hilleren, Elin Haugen og Nils Magne Gjengedal.

Den første dagen får Bondetinget også besøk og ord fra landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Onsdag 13. juni vert runda av med søkelys på kva rammevilkår verdens bønder treng for å produsere nok mat. Presidenten i WFO (World farmers organisation), Robert Carlson kjem rett frå organisasjonen si generalforsamling i Roma. Det same gjer Bondelaget sin første nestleder, Berit Hundåla som er styremedlem i den nye, verdsomspennande organisasjonen for bønder.

Dag to er forutan dei vanlege årsmøtesakene, viet til landbruk og politikk 2013. Temaet blir presentert av andre nestleiar, Brita Skallerud og tidlegare RV-politiker, no daglig leiar for Litteraturhuset, Aslak Sira Myhre.

Dag to inneheld også eit innlegg ved kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Alt om årsmøtet på bondelaget.no