På kort tid har landbruket i Noreg vore utsett for fleire politiske vedtak med store langsiktige konsekvensar. Dette har ført bonden inn i ein utrygg situasjon .

Etter å ha vedteke berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa i 2017, fremjar regjeringa no forslag om å forby næringa. Regjeringa har ved fleire høve latt vere å følgje opp breie stortingsforlik om rovviltforvaltinga. Fjerning av eksportstøtte kan føre til at næringa no må redusere produksjonen med om lag 100 millionar liter mjølk. Jordbruksoppgjeret i 2014  la grunnlag for store strukturelle endringar i norsk landbruk, noko som sette familiejordbruket under press.

For bonden gjev desse døma utfordringar på fleire område, som langsiktig planlegging og investeringar i drifta, ubalanse i marknaden og svekt økonomi.  Årsmøtet i Norges Bondelag er bekymra for konsekvensen for kvar enkelt bonde, totalbelastinga for næringa, og svekt rekruttering.  

Årsmøtet i Norges Bondelag aksepterer ikkje at det vert lagt ned forbod mot ei etablert næring som produserer ei lovleg vare. Om staten likevel tek seg til rette, må ein leggje ekspropriasjonsrettslege prinsipp til grunn. Vi forventar at politikarane sikrar landbruk over heile landet med  føreseielege og gode rammevilkår.