Lammesesongen 2015

Vest-Agder på Stjernelam-toppen igjen

(18.12.15) Vi har nå inne slaktestatistikk for veke 49 og 50 (30. november - 13. desember). I desse vekene slakta Nortura 15 800 lam med medel slaktevekt 17 kg medel klasse R/R- (7,7) og medel feittgruppe 2+/2 (5,7).

 

LammetransportAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Dette er dei to siste slaktevekene dette året i nesten  heile Nortura, men det blir slakta ca 1000 lam i Nord-Noreg også denne veka (veke 51, 14. - 20. desember). Vi dristar oss likevel til ei oppsummering av sesongen 2015.

Lammesesongen 2015
Årets lammesesong hadde litt treg start, sikkert på grunn av sein vår og forsinka vekstsesong og fin haust i fjellet. Vi låg etter fjorårets slakting i starten av september. Når sesongen fyrst var skikkeleg i gang, så gjekk det så det suste!

I dei to siste vekene i september og dei to fyrste vekene av oktober slakta Nortura over 70 000 lam kvar veke. Vi gjekk frå å ha 50 % marknadsdekning i starten av september til marknadsdekning på godt over 100 % frå veke 42 (12. oktober).

Marknadsdekning på over 100 % betyr at vi frys inn  lam. Ved utgangen av året har vi  1000 tonn lam 275 tonn sau på reguleringslager. Vi reknar med at dette er tilstrekkeleg til å dekke marknaden med norske lam fram til ny lammesesong.

Vi har vore inne på at Nortura-sauebonden blir stadig flinkare til å produsere kvalitetslam. Slaktestatistikken viser at både vekt og Stjernelamandel har auka.  Det som er spesielt for denne sesongen er veldig jamn og god kvalitet over heile landet. Nokre fylke skil seg likevel litt ut. Dei tyngste lamma kjem frå Buskerud og Sogn og Fjordane, med medel slaktevekt på ca 20,5 kg. Fylka med høgast medel klasse er Troms og Buskerud med 8,6 (R+/R) og fylket med høgast andel Stjernelam er Vest-Agder med 83,1 % Stjernelam.

Vi gratulerer difor Vest-Agder, i år som i fjor, med Stjernelam-toppen Sesongen 2015!

Om dei neste plassane på pallen, er det så jamt at vi må ha alle lam inn i statistikken før vi våger å dele ut sølv og bronse.

Statistikk

Graf slaktestatistikk