- Dei fleste medlemmane verver eg med mobiltelefonen. Det gjeng raskare slik - og det er sjeldan nokon seier nei når eg bed dei melde seg inn i denne fantastiske organisasjonen.
Det finnast sjølvsagt mange flotte og imponerande dataprogarm på marknaden, hjå Bondelaget medrekna, men slikt ligg ikkje for meg. Eg brukar den gamle metoden med blyant og viskelær - og så noterer eg namn og adresse på baksida av siste utgåva av Norsk Ukeblad.
Når eg så he ei høveleg rekkje med nye namn så ringer eg desse inn til Turid på kontoret. Ho ordnar resten.
Så langt  denna månaden he det vorte 20 nye medlemmer. I kveld er det jolemiddag i Sirdal Bondelag. Der kjem både medlemmer og andre innbedne gjestar. Her kjem og einskilde som ikkje er medlem av Bondelaget. Etter eit kraftig måltid med både grisekjøt og riskrem  så er det ikkje heilt utenkjeleg at eg må fram med kulepennen.
Sirdal Bondelag he framleis plass til nye medlemmer, humrar Tor Arne Liland.

- Mange legg merke til at Bondelaget gjer mykje positivt. Både lokalt - og nasjonalt. Eg legg heller ikkje skjul på at Bondelaget m.a. gjer mykje positivt for bygdene våre. I mange høve kan ein takke nettopp Bondelaget for at det er ljos i stoveglaset, at det er liv i nærbutikken - og at det framleis er liv og busetnad på landsbygda.
Omkverve som "Trygg mat, "Landbruk over heile landet" - og " Levande bygder" ser flott ut på glansa papir med tilhøyrande fargebilete.
Stundom er det likevel naudsynt å trekkje dette ned på det lokale plan, bruke eigne ord og eigne vendinger. Bruke heimbygda vår som eit levande døme. Då er som regel ikkje medlemskapet så himla langt unna.

Tor Arne Liland er ein god ambassadør for næringa vår.

På gardsbesøk hjå Tove og Tor Arne Liland