Knut Erik Ulltveit he så avgjort ingen planar om å gro fast heime i fjoset i Gjerstad  - eller å bruke mykje tid framføre datamaskinen på heimekontoret.
Fylkesleiaren i Agder Bondelag er stadig på farten for å helse på gode kolleger - i heile røystekrinsen. Det er her, ute i felten, at Ulltveit verkeleg kjenner det ekte bondelivet på pulsen. Det er her han mottek både ris og ros. Det er her han hauster nye røynsler og nye impulsar til sitt viktige arbeid som øvste tillitsvald for 2105 medlemmer i Agder Bondelag. Det er tydeleg at Knut Erik er på rett spor. Han vert helse hjarteleg velkomen same kor han kjem.
Stillfaren, lyttande - nyfiken på livet. Bondelivet.


Foto: øystein moi

I Øvrebø var det tid for synfaring på garden hjå Kristian og John Olav Steinsland. Sistnemnde er utdanna økonom, men gler seg alt no til å take øve ansvaret for  gardsdrifta. Eit generasjonsskifte er ikkje langt unna.
Det er egg og jordbær som er hovudproduksjonen på garden.
Det flotte moderne hønsehuset, med ei grunnflate på omlag 900 kvm, stod ferdig i fjor sumar. Kristian og John Olav bygde det aller meste sjølve - og i dag  he dei 7500 hønene svært lite å klage på.
Eit imponerande byggverk. Flinke folk - og to generasjonar som båe he trua på ei god framtid for landbruket på Agder.

 


Foto: øystein moi

Framleis i Øvrebø, ikkje langt unna korkje kyrkja og nærbutikken, svinger me innom gardstunet til Daniel Bjerland og Unni Greibesland. Når det gjeld gardsdrift så er det unge paret på mange måtar i startgropa.Planen er at dei etter kvart skal take over heimegarden til Daniel - og vidare bygge nytt fjos med tanke på mjølkeproduksjom.
Garden er på omlag 1800 da - og av dette så er kring 70 da omtala som dyrka mark i driftsplanen.
I tillegg til gardsdrifta så driv Daniel eige sørvisfirma kor han reiser rundt på heile Sørlandet og reparerer og driv naudsynt vedlikehald på traktorar.  Unni henter dagløna si frå sjukehuset i Kristiansand - men båe er dei meir enn klare for å satse for fullt som mjølkebønder i Øvrebø.
Dette var sjølvsagt musikk i øyro for fylkesleiaren i Agder Bondelag..

 


Foto: øystein moi

Garden Føreland, framleis i Øvrebø, ligg eit toleg stykke utanfor alfarveg. Ei snau mil frå handelssenteret Skarpengland. Her møtte me gardbrukaren Øyvind Eidså.
Det vart ei triveleg stund ute på gardstunet. Dei to unggutane hadde mykje å tale om.
 


Foto: øystein moi

På garden "Der Vest" på Tjomsås vart med helsa velkomen av Trond Steinar og Anne Gry Løvdal. Eit særs aktivt og velstelt gardsbruk. I tillegg til mjølkeproduksjon og ein flokk med grisar på utmarksbeite  så leverer Løvdal meir enn 2000 slaktegris i året.
Anne Gry er utdanna gartner - og på garden finn ein fargerike sumarblomar på kvart eit hushjørne. På kvar ein grøn flekk. Nyleg stod eit flunkande nytt gartneri / blomeutsal ferdig på garden. Stadig nye kundar finn vegen til "Gården Der Vest Gartneri."  Her er det Anne Gry som er sjef. Trond Steinar lyt finne seg sin tilviste plass i grisehuset.


Foto: øystein moi

 

 


Der Vest på Tjomsås. (Foto: øystein moi)

 


Foto: øystein moi

Når dagen vert avslutta med eit fantastisk festmåltid heime hjå Alv og Inger Liv - ja då kan ikkje livet verte stor betre.
Stuttreist elggryte, nypoteter og ei himmelsk salatblanding.
I tillegg til at IngerLiv er ein meister i matlaging - så he ho fast sete i fylkesstyret i Agder Bondelag. Alv er lokallagsleiar i Vennesla Bondelag
Du verden så gilde og gjestfrie folk.