Bladfyken og fylkesleiaren held fram med si rundreise for å vitje lokallag i heile Agder. Denne dagen var målet Hægebostad - nærare bestemt gardstunet til den unge gardbrukaren, og lokallagsleiaren i Bondelaget, Ola Peder Hobbesland.
Garden Hobbesland ligg på andre sida av vatnet Lygne, i høve til både bensinstasjonen, samyrkjelaget og det meir vidgjetne Eiken Feriesenter.
Det var her han vaks opp, Ola Peder. I 2016 vart han sjølvstendig  næringsdrivande med eige husvære og mjølkekyr på båsen. Mjølkekvota er på omlag 125 tonn - og det vert lange, og stundom svært travle dagar for den unge gardbrukaren.
- Eg bryr meg ikkje så mykje om ferie, humrar Ola Peder. - Elgjakta syter likeve for obligatoriske fridagar kvart einaste år. Eit sosilat, og høgst nødvendig frikvarter i kvardagen.
Det aller meste er på stell på Hobbesland. Husværet er velstelt og romsleg - og Ola Peder legg ikkje skjul på at det er meir enn god plass til ei lageleg gardkjerring om det brått skulle verte moglegheiter for slikt.
- Ein reportasje som dette bør vere eit godt utgangspunkt, kommenterer mjølkebonden medan han smiler til fotografen og byr på stuttreist og knallgod traktekaffe.



Gode vener og dugande yrkesbrør frå røystekrinsen hadde møtt opp
i gardstunet for å helse på reisefyet frå Bondelaget. F.v. Jenst Tore Vatne,
Knut Erik Ulltveit, Ola Peder Hobbesland, Sigbjørn Hobbesland,
Dag Atle Klungland og Terje Forgard. ( foto: øystein moi )

Ei særs talefør forsamling.
Praten gjekk livleg kring mange fagområde som Bondelaget er oppteken av.
Ein kjem likevel ikkje utanom at Hægebostad, og Eiken særskild,
he lange og sterke tradisjonar innanfor sauehaldet. Sauemiljøet, fagkunnskapen
 som er djupt rotfesta i denne bygda haustar djup respekt - og
stor fagnad sjølv i nasjonal samanheng.
 



Frodige og velstelte kulturbeite representerer eit viktig ressursgrunnlag i
t..d. Eiken. Dette bilete er teken like attom uthuset til OLa Peder.
(foto: øysteinn moi )

 



Lygne - eit naturskapt midtpunkt i bygda. (Foto: øystein moi)

 



Hægebostad Bondelag er eit aktivt lokallag. Stolte medlemmer. Dugande fagfolk.
Dei legg aldri skjul på kor dei høyrer til.
(foto: øystein moi )

 

Tradisjonane stend sterkt hjå eikdølane. Kyrkja medrekna. På vigsla grund.
(foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 



Eit heilt vanleg kvardagsbilete frå Hægebostad. Frå Eiken.  (Foto: øystein moi)
 



Og brått dukka denne trivelege figuren opp på tunet. Harald Hobbesland.
Mjølkebonde med fast sete i fylkesstyret i Agder Bondelag.
Fagleg sterk, omgjengeleg, stillfaren - og umåteleg kunnskapsrik.
(foto: øystein moi )




Ja takk, me kjem gjerne attende til Hægebostad. Takk for ein triveleg dag.
(foto: øystein moi )