Det er som nemnd midt på den forblåste Øyesletta ho he slege rot. På ein gamal og velstelt slektsgard trivast ho som plomma i egget - i hop med kjærasten Preben, ein gjeng med Skotsk Høylandsfe og den obligatoriske saueflokken.

På garden er det planta meir enn 800 epletre . og no til hausten, like oppunder adventstida , er planen å presse ut nokre hundre liter med velsmakande eplesaft av den stuttreiste frukta.

Ho har planane klare for gardsdrifta, Elisabeth, sjølv om både ho og kjærasten henter mesteparten av dagløna frå eksterne arbeidsgjevarar. Offentleg sektor.

Preben er pedagog og er tilsett som rektor i skuleverket - medan vårt nye styremedlem er tilsett som politibetjent i Kvinesdal og Flekkefjord.

- Ein grei kombinasjon, seier Elisabeth, men det kan stundom vere ei utfordring å take til med fjosstellet like etter ei tøff nattvakt bak rattet i politibilen.

Elisabeth Moi Lindland har alltid vore interessert i organisasjonsarbeid og kan m.a. sjå attende på ei tid med fast sete i heradstyret i heimbygda. Ei god røynsle å ha med seg vidare på livsvegen. Å ha med seg vidare i ulike styrearbeid.

- Eg trivast nok betre i hop med dyra mine enn kva eg gjer på traktorsetet, humrar Elisabeth - som likevel tek sin tørn med både plog og fræs når dette syner seg nødvendig.

Me gler oss til fortsatt godt samarbeid med denne trivelege jenta frå Kvinesdal.