Grøda er i hus. Den fyrste hauststormen he alt banka på stoveglaset heime på Kviljo. Odd Harald Reve – bonden, heidersmannen, organisasjonsbyggjaren og lokalpolitikaren frå Lista kan med godt samvet slenge føtene på stovebordet, vel vitande om at det aller meste no er under kontroll.
Siste brikke i det store puslespelet var å få plass innstillinga til eit nytt styre  i eit nytt Agder Bondelag.
Reve he vore medlem av valnemnda. Om kort tid vert høgst truleg Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag slått saman til eit samla lag. Det er såleis, langt på veg, ei historisk innstilling denne valkomiteen i desse dagar he underteikna.
- Det er mange omsyn som skal takast når ein til sist skal finne fram til dei beste kandidatane. Når det gjeld kjønnsfordelinga så er denne regulert, og fastsett, av eit temmeleg klårt lovverk. I tillegg til dette så skal ein få til ei så god geografisk spreiing som mogleg – og sjølvsagt så bør dei fleste produksjonane innan agderlandbruket vere representert i eit slikt styre, seier Odd Harald Reve. Framleis avslappa, kvilepuls, godt humør – og kaffe i koppen.

-Eg er særs nøgd med at Knut Erik Ulltveit, noverande leiar i Aust-Agder Bondelag, he sagt seg viljug til å take på seg vervet som leiar av den nye store organisasjonen. Så er det sjølvsagt opp til medlemmene, utsendingane, å avgjere dette på ekstraordinært årsmøte 22. november – i år.
Ulltveit er ein ung, kunnskapsrik og arbeidssam kar som eg så avgjort meiner he ei ljos og stigande karriere framføre seg innan bonderørsla.
Som nestleiar i det nye styret he me ei innstilling på Åge Gyland -  frå Flekkefjord. Ein røynd gardbrukar og ein kar med brei erfaring frå styrearbeid i mange av landbrukets ulike organisasjonar. Det er og ei stor føremon at leiar, og nestleiar, kan arbeide godt i lag – og at dei kan utfylle kvarandre på ulike måtar. Det er som me alle veit eit stort og langstrakt distrikt det nye Agder Bondelag skal representere.

Odd Harald Reve er øvetydd om at dei foreslåtte kandidatane vil representere agderbøndene på ein framifrå måte. Ei blanding av gode folk med lang og tru teneste innanfor næringa vår – og unge dugande bønder som er på veg. Både opp – og fram.
Odd Harald smilar. Han plar det når han er nøgd. Han smilar mykje.

Valnemnda si innstilling:

Leiar: Knut Erik Ulltveit (AA, Gjerstad, ammekyr )
 

 Styremedlem: Åge Gyland (VA, Flekkefjord, mjølk og sau )

Styremedlem: Marit Gunn Tveit ( AA, Lillesand, sau )

Styremedlem: Bernhard Arnevik ( AA, Grimstad, grønt )

Styremedlem: Inger Liv R. Thoresen ( VA, Vennesla, gris, sau, mjølk m.m.)

Styremedlem: Frank Sigvaldsen ( AA, Froland, ammekyr, bier )

Styremedlem: Harald Hobbesland ( VA, Hægebostad,, mjølk )

 

Nestleiar: Åge Gyland

 

Vararepresentantar:

1.vara: Karl Petter Vintland (VA, Lyngdal, grønt )

2.vara: Roy Vidar Svendsen ( AA, Arendal, mjølk og sau )

3.vara: Caroline Høyland ( VA, Kvinesdal, ammekyr )

 


Knut Erik Ulltveit. Han kan brått verte den fyrste leiaren av eit
nytt - og samla Agder Bondelag  (foto: øystein moi )