Ho smilar om kapp med sumarsola på Strandpromenaden i Kristiansand.
Aase Hørsdal er parksjef i sørlandsbyen og er retteleg stolt av kva både politikarar
og tilsette har fått til på få kvadratmeter med kommunal grund.
Eit drygt steinkast frå folkemylderet Markensgata og det kommmunale byråkratiet
på Torvet.
( foto: øystein moi )


Det var i samband med budsjetthandsaminga for 2017, i Kristiansand kommune,
at Ole Magne Omdal (SP) fekk gjennomslag for å bruke nokre kommunale kroner på
dette grøne prosjektet. Her er ein meir enn vanleg
engasjert Omdal på synfaring i hagen i hop med landbruksrådgjevar
Ann Elin Teksdal ( midten ) og sjølvaste parksjefen Aase Hørsdal. ( foto: øystein moi )


I den vesle kommunale hagen finn du m.a. rabarbra, rips, solbær, stikkelsbær,
epler, plommer, rødbeter, kål - og ein spanande krydderhage.
Ei grøn oase kor godtfolk flest kan setje seg ned og senke skuldrene for eit bel.
Her kan du beint fram høyre at graset gror , at biene surrer - og du kan sjå at
epletreet blømer. Plent som i Hardanger.
Tak med deg ein kaffeskvett, forsyn deg med velsmakande rips - og vent i tolmod til
rabarbraen er godt mogen. Me talar garantert om kvalitetstid. Urban matproduksjon.
Ei lita, men viktig, brikke i det som me ofte kallar "Det grønne skiftet."
Her kan pedagogane take med seg sine små håpefulle og gjeve dei ein saftig leksjon i
naturfag. Ein skuletime  dei seint vil gløyme. .
Ein skuletime i det som truleg er landets finaste klasserom.


Takk til to flotte, engasjerte og kunnskapsrike jenter.
Landbruksrådgjevaren og parksjefen.
( foto: øystein moi )

 

Kristiansand kommune omtalar prosjektet slik