Tom Kåre tener til dagløna som fjosmeister på landbruksskulen i Lyngdal, eller KVS Lyngdal som nok er det pedagogisk - og politisk  rette namnet.
Eikeland bur framleis på guteromet, heime på garden hjå dei næraste pårørande. Der driv far hans m.a. mjølkeproduksjon med ei kvote på vel 300 tonn - med ein tilhøyrande slåtteteig på omlag 500 da.
Ein kan såleis seie at den nye lokallagsleiaren he gjenge ein god skule før han tok på seg det nye tunge vervet. Far hans , Odd Arild Eikeland, ber samstundes eit velklingjande namn både i Bondelaget - og i landbruksnæringa elles på Sørlandet.
Tom Kåre he så langt ikkje kome med noko programerklæring i etterkant av årsmøtet i Audnedal Bondelag. Det heile kom noke brått på, i fylgje den nye leiaren.
- Eg likar kleint den utviklinga me ser i dag med stadig færre  og større driftseininger. Ei utvikling som stadig tvinger dei små bruka til å leggje ned verksemda. Dette er ei utvikling me på alle måtar bør freiste å snu, seier Eikeland på ei skurrete telefonline frå mjølkeromet på landbruksskulen i Lyngdal.
Han har og eit ynskje om eit tettare samarbeid mellom dei ulike lokallga  i nærleiken. Slik kan ein styrke samhaldet, utveksle røynsler frå kvardagen - og vonleg treffast til sosialt samkvem på myrke haustkveldar. I november - når dagane er stutte og kveldane er lange. I november, når grøda er i hus - og når bonden kan setje seg i omnskroken og tenkje attende på endå ein gild arbeidsdag. I verdas beste, og verdas viktigaste jobb.

Tom Kåre Eikeland er ein dugande gardbrukar, ein venesæl gut - og vonleg ein framifrå leiar av Audnedal Bondelag. På Agderkontoret ser me sjølvsagt fram til eit grøderikt samarbeid i åra som kjem. Sllik det allstøtt he vore mellom byråkratar og skriftlærde i Gyldenløvesgate - og bøndene i vetsfylket.