Inn På Tunet
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikrede velferdstjenester på gårdsbruk. Godkjente gårder tilbyr aktiviteter som gir meningsfylt arbeid, mestring, utvikling og trivsel. Det er mange ulike forskningsrapporter og erfaringer som viser positive effekter av denne typen tiltak: Å bruke dyr i terapi, arbeide med hagebruke og mestring av konkrete oppgaver på gården. Alt dette er med på forbedre hverdagen til de som får tilbud fra Inn på tunet-gårdsbruk.

Garden ligg i Holum i Mandal kommune.  Visjonen for drivarane er at garden skal vere ein stad kor menneskja kan samlast, uavhengig av alder og funksjonsnivå. Garden skal vere ein arena som gjev menneskja ro, pusterom og meistring i en travel, og stundom vanskeleg kvardag. 
Gunn Lindland møter meg ute på tunet. Ein avdei aller finaste haustdagane. Vindstille - og von om ei avslappande kaffepause i solveggen.
Gunn, sjølvaste sjefen på Lindland Gård, fortel at dei har vore ein  "Inn På Tunet - gård" i omlag tre år. Den aller største kunden hennar er Mandal kommune - og brukarane famnar om ulike grupper tilhøyrande skuleverket, psykisk helse og heimebuande demente.
Eit mangfald av aktivitetar som kvar på sin måte gjev brukarane ei kjensle av både livsglede, meistring og ikkje minst  ei kjensle av at at kvar einskild betyr noko for kvarandre. Det betyr så himla mykje å tilhøyre eit fellesskap - det veit me alle noke om. Både du - og eg.


Gunn Lindland.  (foto: øystein moi )

Inne på kjøkkenet er det travelt. Stemninga er nærast elektrisk - samstundes som personalet
understreker at dei he full kontroll.
På gjestelista denne dagen finn ein mykje fintfolk - alle med høgthengjande yrkestitlar som statsråd,
stortingsrepresentant, ordførar og landbruksdirektør. Om få minutt er det venta at det eksklusive 
reisefyet svingar inn på tunet på Lindland Gård.
På matsetelen stend heimelaga karbonader, eggerøre, røykelaks - ferske rundstykker og
stuttreiste wienerbrød.
Det er gjestebod på Lindland Gård. 


Sjølv denne karen tykte tida stod mest heilt stille medan han venta på statsråden.
(foto: øystein moi )


Flotte jenter som koser seg i haustsola. F.v. stortingsrepr. Ingunn Foss, Gunn Lindland og
ass. landbruksdirektør Unni Svagård.  (foto: øystein moi )

 

Sumaren er så avgjort den travlaste tida på Lindland Gård. Då kan det stundom vere så mykje som 25 personar på løningslista. Timeplanen til Gunn og venene hennar er likevel full, og vel så det - året rundt.
No er det snart tid for jolemarknad. Då fyllast både gardstunet, fjoset og familieparken med små og store  gjester frå heile Agder. 
Omsetninga på Lindland Gård he passert 5 mill. kroner - og etterpurnaden etter tenestene deira er stadig aukande. Mange har nok sett at dette ikkje berre er eit landbruksprosjekt - eit landbruksoppdrag, dette er like mykje eit samfunnsoppdrag. Meistring, kameratskap og livsglede på blå resept.


I den trivelege familieparken møter ein på eit utall av ulike dyreslag.
Rundt kvar ein sving møter du på både geiter, hest, sau, esel, lama -
og nokre skapninger eg heilt ikkje veit å setje namn på ...   (foto: øystein moi )

 


Statsråd Hoksrud- og Mandalsordførar Alf Erik Andersen fann raskt tona med eit  esel. 
På bøtta stend det hest - men statsråden var heilt øvetydd om at dette var eit esel. 
(foto: øystein moi )

 


Ingunn Foss. Stortingsrepresentant og landbrukspolitisk talskvinne for Høyre.
Frå Lyngdal.(foto: øystein moi )
 


Så er det gildt å sjå at sjølv statsrådar, dei som sit attmed langbordet
hjå H.M: Kongen, er som folk flest. Trivast best i Ola-bukser og fotformsko.
Bård Hoksrud - ein statsråd for folk flest.  Me likar det slik. På Sørlandet.
(foto: øystein moi)

 


Orden og system set sitt preg på alt som skjer på Lindland Gård. Både ute og inne.
Dette bilete kan stå som ei stadfesting av nettopp dette, Her ligg ikkje reiskapen
og slenger ute på tunet eller inne i fjoset. Alle veit kor høygaffelen er - når dei treng han.
(foto: øystein moi )


Trygve og ein av venene hans.  (foto: øystein moi )


Kvardagen på Lindland Gård he sin faste rutiner - og sine faste gjeremål. Ikkje ulikt kva ein finn på andre gardsbruk rundt i røystekrinsen.
Dei samlast til morgonmat inne i den trivelege matstova. Til planleggjing - og til den gode samtalen.
Medan some tek til med fjosstellet, så er det andre si oppgåve å førebu middagen.
Alle he si eiga oppgåve på garden. Alle betyr like mykje. Kvar og ein  er ei viktig brikke i eit stort puslespel.
Eit puslespel som me gjerne kan kalle for - kvardagen.

Takk for stunda. Takk for gjestfridomen.