Den nasjonale målsetjinga er at alle 540 lokallag, tilhøyrande Norges Bondelag, skal gjennomføre studiearbeidet med arbeidstittelen "Tryggere sammen."
I løpet av dei siste par vekene er det skipa til tre oppstartmøter for lokallaga på Agder. På Holt, på Kvås - og på Evje.
 Org.sjef v/Agderkontoret, Finn Aasheim, har vore møteleiar medan folk frå både Fylkesmannen og Sivilforsvaret har teke seg av den faglege bolken.


Distriktssjef i Sivilforsvaret, Kjell Kvamme (t.v.) - og fylkesberedskapssjef Yngve Årøy
(foto: øystein moi )


Det var ei lydhøyr forsamling som tok bordsete på Pernille kafeteria på Evje no på torsdagskvelden. Utgangspunktet kan vel oppsummerast omtrent slik: " Hvordan møter vi et stadig mer utfordrende risiko- og sårbarhetsbilde."
Då tenkjer ein m.a. på utfordringer som brann, skred, sjukdom, storm og fløym. Når det gjelder fløym så he så visst sørlendingane kjend dette tett på lekamen dei siste vekene no i haust.
Dei innbedne fagfolka frå Fylkesmannen, og frå Sivilforsvaret, heldt to svært så engasjerande foredrag. Skarpskodde og jordnære fagfolk. Ekspertar innanfor kvar sine fagområde.
Det vart så avgjort ein minnerik - og ikkje minst ein lærerik novemberkveld nedst i Setesdal.

"Bøndene er en umåteleg viktig ressurs når ulykker og katastrofer råker lokalsamfunnet. Ein tenkjer då m.a. på tilgjengeleg maskinpark, mennesklege ressursar, lokalkunnskap, dugnadsånd - og ikkje minst ei innebygd evne hjå kvar einskild gardbrukar til raske omstillinger i kvardagen."


MjølkebondenTerje Birkeland er lokallagsleiar i Evje & Hornnes Bondelag og han
 var klinkande klår i bodskapen om at god og næringsrik kost er heilt avgjerande
dersom bøndene skal vere ein del av den lokale beredskapen.

(foto: øystein moi )

No går oppmodinga ut til kvart einskild lokallag om å gjennomføre dette viktige studiearbeidet. Tilgjengeleg og oppdatert studiematriell er i dag lagervare hjå Norges Bondelag - og  lokale ressurspersonar innanfor ulike fagfelt finnast garantert i kvar einaste kommune. I kvart einaste grannelag.