Triveleg årsmøte i Aust-Agder Bondelag
Erik Fløystad var ordstyrar, Lars Petter Bartnes var på gjestelista, Knut Erik Ulltveit vart attvald som fylkesleiar - og gjestane fek servert eit måltid dei seint vil gløyme. Det vart på alle måtar ein triveleg og minnerik dag då Aust-Agder Bondelag skipa tiil årsmøte på Fevik Strand Hotell, måndag den 11. mars.
Det var sjølvsagt stor stas for trauste og jordnære sørlendinger då sjølvaste bondelagsleiaren, Lars Petter Bartnes, vitja årsmøtet i bondelaget.
Bartnes - ein høgt respektert, umåteleg kunnskapsrik, folkeleg og på alle måtar ein venesæl og omtykt mann. Møtelyden fekk god gjennomgang av den poltiske stoda i samband med at me no he fenge ei ny fleirtalsregjering i Noreg. Bartnes, eller Lars Petter som han heiter blant vener, kjenner dette spelet nærast ned til kvar minste detalj. Ein røynd forhandlingsleiar, ein lynande skarp lobbyist - og truleg på fornamn med sjølvaste statsministeren.
Møtelyden fekk og ei gjennomgang av kva ein kan vente av utfordringer og oppgåver i samband med dei komande jordbruksforhandlingene.
Det er liten tvil om at med 63 000 bondelagsmedlemmer i ryggen så er Lars Petter Bartnes rimeleg tung på vektskåla når ein mogeleg jordbruksavtale skal godkjennast og underteiknast.
Arbeidet som vert lagt ned i kvart einaste lokallag, året rundt he truleg aldri vore viktigare enn kva det er i dag. Næringa vår vert pressa frå alle kantar - og etterspurnaden etter trygg, norsk mat er stadig aukande.
Norske matprodusentar he ein viktig jobb framføre seg. Saman er dei umåteleg sterke. Kvart einskild medlem i Norges Bondelag spelar ei avgjerande rolle.
Det vart ein triveleg dag i sjøkanten på Fevik Strand Hotell - og bondelagskokken Halvar Ellingsen sytte for ei festmåltid me seint vil gløyme. Ingen gjekk svoltne heim - og for dei fleste var det nok fyrste gong i livet dei svelgja unna kortreist sellerirot som hadde vore lagra - og innepakka i høy. ( grovfor - på fagspråket ..)
Takk til Lars Petter for mykje informasjon - og eit spanande foredrag. ( foto: øystein moi )
Ein mektig og kunnskapsrik gjeng tok sete kring dirigentbordet.
F.v. Erik Fløystad, Knut Erik Ulltveit, Finn Aasheim og Marit Gunn Tveit. (foto: øystein moi )
Heilt framme sit "Evje-gutane". Terje Birkeland og Gunnar Bjørndal. (foto: øystein moi )
Styremedlem Roy Vidar Svendsen, frå Nedenes. Storbonde, styremedlem og humørspreiar.
(foto: øystein moi )
Styremedlem, sauebonde, gift med Kåre - og ei triveleg jente på alle vis.
Her med eit skrått blikk på møtelyden ... ( foto: øystein moi )
Marianne Goderstad er lokallagsleiar i Holt og Vegårshei Bondelag.
Smilande og blid, uhyre kunnskapsrik - og ein ressursperson i fagmiljøet på Agder
(foto: øystein moi )
Årsmeldinga vart grundig studert - frå perm til perm. ( foto: øystein moi )
Anne Ma Nyerød, frå Austre Moland, tok del i ordskiftet og etterlyste m.a. at Bondelaget bør
ha eigne augo meir fokusert på sjølve matfatet. Mat, matlaging, matopplevinger, kortreist mat og
kokkekunst er meir aktuelt i samfunnet enn nokon gong. Dette bør me i Bondelaget utnytte på
ein mykje betre måte meinte Nyerød.
Mange nikka samtykkjande. Det vart stille i tingsalen då Anne Ma framførte bodskapen sin.
Ei høgt respektert jente innanfor fleire fagkrinsar. Aust-Agder Bondelag medrekna. ( foto: øystein moi )
Velkomen til nytt styremedlem i Aust-Agder Bondelag. Søren Robert Sørensen.
(foto: øystein moi )
Gratulerer til "Årets lokallag i Aust-Agder," Holt og Vegårshei Bondelag. (foto: øystein moi )