Det var sjølvsagt stor stas for trauste og jordnære sørlendinger då sjølvaste bondelagsleiaren, Lars Petter Bartnes, vitja årsmøtet i bondelaget.
Bartnes - ein høgt respektert, umåteleg kunnskapsrik, folkeleg og på alle måtar ein venesæl og omtykt mann. Møtelyden fekk god gjennomgang av den poltiske stoda i samband med at me no he fenge ei ny fleirtalsregjering i Noreg. Bartnes, eller Lars Petter som han heiter blant vener, kjenner dette spelet nærast ned til kvar minste detalj. Ein røynd forhandlingsleiar, ein lynande skarp lobbyist - og truleg på fornamn med sjølvaste statsministeren.
Møtelyden fekk og ei gjennomgang av kva ein kan vente av utfordringer og oppgåver i samband med dei komande jordbruksforhandlingene.
Det er liten tvil om at med 63 000 bondelagsmedlemmer i ryggen så er Lars Petter Bartnes rimeleg tung på vektskåla når ein mogeleg jordbruksavtale skal godkjennast og underteiknast.
Arbeidet som vert lagt ned i kvart einaste lokallag, året rundt he truleg aldri vore viktigare enn kva det er i dag. Næringa vår vert pressa frå alle kantar  - og etterspurnaden etter trygg, norsk mat  er stadig aukande.
Norske matprodusentar he ein viktig jobb framføre seg. Saman er dei umåteleg sterke. Kvart einskild medlem i Norges Bondelag spelar ei avgjerande rolle.
Det vart ein triveleg dag i sjøkanten på Fevik Strand Hotell - og bondelagskokken Halvar Ellingsen sytte for ei festmåltid me seint vil gløyme. Ingen gjekk svoltne heim - og for dei fleste var det nok fyrste gong i livet dei svelgja unna kortreist sellerirot som hadde vore lagra - og innepakka i høy. ( grovfor - på fagspråket ..)

 


Takk til Lars Petter for mykje informasjon - og eit spanande foredrag. ( foto: øystein moi )

 


Ein mektig og kunnskapsrik gjeng tok sete kring dirigentbordet.
F.v. Erik Fløystad, Knut Erik Ulltveit, Finn Aasheim og Marit Gunn Tveit. (foto: øystein moi )

 


Heilt framme sit "Evje-gutane". Terje Birkeland og Gunnar Bjørndal.  (foto: øystein moi )

 


Styremedlem Roy Vidar Svendsen, frå Nedenes. Storbonde, styremedlem og humørspreiar.
(foto: øystein moi )

 


Styremedlem, sauebonde, gift med Kåre - og ei triveleg jente på alle vis.
Her med eit skrått blikk på møtelyden ...  ( foto: øystein moi )

 


Marianne Goderstad er lokallagsleiar i Holt og Vegårshei Bondelag.
Smilande og blid, uhyre kunnskapsrik - og ein ressursperson i fagmiljøet på Agder
(foto: øystein moi )

 


Årsmeldinga vart grundig studert - frå perm til perm.  ( foto: øystein moi )

 


Anne Ma Nyerød, frå Austre Moland, tok del i ordskiftet og etterlyste m.a. at Bondelaget bør
ha eigne augo meir fokusert på sjølve matfatet. Mat, matlaging, matopplevinger, kortreist mat og
kokkekunst er meir aktuelt i samfunnet enn nokon gong. Dette bør me i Bondelaget utnytte på
ein mykje betre måte meinte Nyerød.
Mange nikka samtykkjande. Det vart stille i tingsalen då Anne Ma framførte bodskapen sin.
Ei høgt respektert jente innanfor fleire fagkrinsar. Aust-Agder Bondelag medrekna. ( foto: øystein moi )

 


Velkomen til nytt styremedlem i Aust-Agder Bondelag. Søren Robert Sørensen.
(foto: øystein moi )


Gratulerer til "Årets lokallag i Aust-Agder,"  Holt og Vegårshei Bondelag. (foto: øystein moi )