Dagane tek til å verte stuttare. Sumarturistane er på veg heim. Det er dugg i graset om morgonen.
I Reddal skal tonnevis av poteter opp or jorda og gjerast klåre for den nasjonale marknaden. Tusenvis av sau er venta ned til samleplassen ved Roskreppfjorden, på Setesdal Vesthei.
Siste grasavlinga skal under tak - og Dagros skal etter kvart heim frå fellesbeite i Åmli.
Det er travle dagar for bonden.
Samstundes er det på denne tida av året høgsesong for messer, utstillinger og marknader av ulike slag. Bondelaget ynskjer sjølvsagt å vere tilstades kor godtfolk samlast.

Mat- og landbruksmessa Naturligvis 2017 vart som vanleg eit stort lyft for Bondelaget. Store delar av tillitsmannsapparatet vart sett på store prøver denne helga, midt i august.

Fyrste helga i september brakar det laus med nye messer, nye marknader - og nye utfordringer for medlemmer og tillitsvalde hjå bondelaga på Agder.

Både Dyrsku i Lyngdal og marknaden på Brokelandsheia set tillitsmansapparatet vårt på nye prøver.
I løpet av helga 1. - 3. september vil meir enn 30 personar frå vår organisasjon vere i full sving med nye oppgåver i teneste for bonderørsla.
Medan me her på Agderkontoret held på med dei siste justeringane på "vaktlistene"  for neste helg, så vil me samstundes nytte høvet til å takke kvar einskild av Dykk for innsatsen.
Ein himla fin gjeng ...

Ein stor takk til våre gode vener - og trugne samarbeidspartnarar som kvart einaste år skipar til "Åpen Gård."
Sist helg var meir enn 5000 personar innom slike arrangement - på båe sider av fylkesgrensa vår.
Komande helg vert det skipa til "Åpen Gård" i  Kvinesdal, Kristiansand og Froland.
Flotte arrangement som syner fram næringa vår på ein framifrå måte.
Ein møteplass for folk - og dyr. I alle aldre..
Ein himla fin gjeng ...



Olav Greibrokk, frå Grendi (t.v.) og Alv Vinjerui, frå Hægeland, høyrer til blant
dei mest ihuga dugnadsfolka  når Bondelaget ber om ei hjelpande hand.
(foto: øystein moi )

 


Fylkesleiaren i Vest-Agder Bondelag med ein klår bodskap til dei som
vitjar "teltleiren" til Bondelaget på Evjemoen.
(foto: øystein moi )