Dei fleste bruker ein fire-hjuling når dei skal rundt på garden og sjå til buskapen. Lokallagsleiaren i Evje & Hornnes Bondelag trivast best på to hjul ... ( foto: øystein moi )

Terje he 24 mjølkekyr i fjoset, og han leverer tett på 200 tonn med mjølk til den nasjonale meierisamskipnaden kvart einaste år. Til garden høyrer omlag 400 da med lettstelt og fruktbar jord. 
Den røynde mjølkeprodusenten (46) treng såleis ikkje reise så himla langt avgarde når han skal hauste grøda og hente heim vinterforsyninga.
Terje he framleis god hjelp av far sin til ulikt arbeid på garden, og kan difor planleggje timeplanen slik at han sjølve tek seg fri frå fjoset annankvar helg.

- Det er likevel slik at når eg he vore borte frå garden nokre dagar, t.d. på fotballkamp i England, så byrjar lekamen brått å reagere på eit underleg vis. Det er beint som eg fær abstinens, seier mjølkebonden Terje Birkeland.
Han ser mot himmelkvelven - regntung og grå. - Det blir ikkje slått i dag seier Terje. - Eg må i allefall verte ferdig i god tid før Naturligvis på Evjemoen. Der he eg ein viktig dugnadsjobb eg må gjere ..