Desse to flotte jentene driv Lille Kolonial i Kristiansand. Siw Bolkan (t.v.) og Nina Vraa.  ( foto: øystein moi )

Dei opna dørene til den vesle forretninga i slutten av juni månad. Med seg på laget he jentene seks lokale gardbrukarar - og ein bakar.
Både Siw og Nina fortel om auka interesse for det spanande vareutvalet, men dei legg heller ikkje skjul på at dersom Lille Kolonial  skal ha ei framtid i storbyen så må fleire trugne kundar finne vegen til Skippergata nr 2.

Syltetøy frå Røyland Gård, på Engesland, er ei særs etterspurd vare blant urbane kristiansandarar på handletur i sørlandsbyen. ( foto: øystein moi )

 

Økologisk smør frå Moisund - og velsmakande honning frå Byglandsfjord opptek stadig fleire meter med hylleplass hjå Lille Kolonial. ( foto: øystein moi )

 

Velkomen innom til ein smakfull handel hjå jentene i Skippergata nr 2 / Lillemarkens. ( foto: øystein moi )