Den vidgjetne sauebonden, og scenekunstnaren, Egil Åmlid he og ord på seg for å vere ein framifrå kokk. Han fær truleg hovudansvaret for at statsråden ikkje reiser svolten heim frå stormønstringa på Helle.  Her er Åmlid i full sving med eit prøveparti med stuttreist rjomegraut.  ( foto: øystein moi )

Opningsfesten tek til fredag 26. august. Då vert det skipa til fest for inviterte gjestar. Dette gjeld i hovudsak bønder frå heile fylket - og ulike aktørar som på ein eller annan måte he teke del i det store saueprosjektet på Helle.
Dagen etter vert det skipa til både sauesjå og stor marknad - før sjølvaste landbruksministeren klypper snora og føretek den offisielle opninga av noko så sjeldant som 3 nye sauefjos i eitt og same grannelag.
Det vert garantert nokre gilde og trivelege dagar i Setesdalen denne helga - og bak dette stend altså tre unge og dugande sauebønder: Egil Åmlid, Stein Føreland Straume og Tor Espen Helle.
Me kjem sjølvsagt attende med ei fyldig reportasje frå denne hendinga - i slutten av august.

Foto: øystein moi