Tal jordbruksbedrifter som søkjer produksjonstilskot har vore nokså stabilt i Aust-Agder sidan 2009, etter ein meir markant nedgang åra før. Talet har lagt rundt 650–665 ordinære jordbruksbedrifter. I tillegg kjem eit varierande tal birøktbedrifter utan areal, rundt 20–35 stykk.

Arealet har variert rundt 110 000–112 000 dekar i åra 2006–2014. Tidlegare år gjekk arealet raskare nedover. Areal fulldyrka og overflatedyrka jord har gått ned frå vel 103 000 dekar i 2006 til knapt 96 000 dekar i 2014. Areal innmarksbeite har auka. Dette betyr at jordbruksarealet har blitt forringa sjølv om det ikkje viser i statistikken over totalt areal i produksjonstilskot.

Jordbruksbedriftene i Aust-Agder disponerer mindre areal i snitt enn på landsbasis. Medan landsgjennomsnittet var 233 dekar per søkjar, var det i Aust-Agder 163 dekar. Ser me bort frå søkjarar utan areal (reine birøktbedrifter) blir arealet per jordbruksbedrift i Aust-Agder 170 dekar i 2014. Sidan 2009 har dette talet endra seg lite. Det var ei sterkare strukturrasjonalisering åra før.

Tabellar og diagram over areal- og strukturutviklinga.

Lenke til meir statistikk over landbruket i Aust-Agder.