Øyvind Nese (bilete) er prosjektleiar i "Smaken av Setesdal." Han er samstundes ein svært sentral figur når den sørlandske matkulturen  skal presenterast for skrubbsvoltne tyskarar og russarar på den årvisse matmessa Grüne Woche i Berlin.
Spelsauen heldt på å bli utrydda i Noreg, og i 1912 vart det sett i gong ein omfattande redningsaksjon. Ein gard i Valle i Setesdal og ein gard i Rogaland vart avlsstader for de tradisjonsrike og utryddingstruga sauerasen.

- Den tradisjonsrike Spelsauen vert førebels berre ein del av den totale mengda sauekjøt på slakteriet - men no kan dette verte endra seier Øyvind Nese til NRK

- No vil me take ut verdien denne flotte sauen har, seier Nese - og ser fram til å kunne servere "Spælsau frå Setesdal" i gjestebod i inn - og utland.

Det er alt oppretta god kontakt med Matmerk - og etter kvart så er det Mattilsynet som skal avgjere om spelsauen frå Valle, Bykle og Bygland kan få si "verna geografiske nemning."

Det heile handlar til sist om historie, særpreg, tradisjon - og ikkje minst nokre av dei aller beste beiteområda i heile landet.