Det plar vere høg kjendisfaktor på Sørlandssamlinga. Året 2017 vart såleis ikkje noko unnatak. Ordførar frå dei fleste sørlandskommunane kom ruslande opp den raude løparen. Gro Anita Mykjåland er noverande ordførar i Iveland kommune. Ole Magne Omdal he vore ordførar i Iveland kommune. No stiller dei som fyrstekandidat på kvar si senterpartiliste til stortingsvalet. Frå kvar sitt agderfylke. 
Då Ole Magne hukka tak i bladfyken og ville seie si inderlege meining om noverande landbruksminister, ja då var det brått Gro Anita som tok styringa. 
Bilete talar sitt eige språk. (foto: øystein moi )

Det krev god logistikk når 365 personar skal få tildelt eige soverom, plass i tingsalen, varme poteter til middagen - og ikkje minst ein minnerik kveld i skjenkestova på hotellet. Det sosiale innhaldet er kanskje det aller viktigaste på Sørlandssamlinga. ( foto: øystein moi )

 

Det var eit imponerande program den røynde arrangementskomiteen hadde snekra i hop. Toppfigurar frå det meste av landbrukssamvirket stod nærast i kø for å tale til møtelyden. Dei kom til sine eigne - og dei vart så avgjort tekne vel i mot.
Landbruket er på mange måtar på veg inn i ei tøff tid. Lagnaden er uviss, og leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes la så visst ikkje noko som helst i mellom då han tok møtelyden med på ei rundreise i den nye landbruksmeldinga.  Ei dramatisk melding som truleg skal handsamast i Stortinget i løpet av våren.
Alvoret seig inn.  Olav Lidtveit sat med attlatne augo. Andre, frå vestfylket, falda hendene. 

Arbeiderpartiet hadde varsla at sjølvaste Knut Storberget ville helse møtelyden på Sørlandssamlinga. Knut vart sjuk og måtte halde senga. Stortingsmannen frå Kvinedal, den venesæle og taleføre Odd Omland, vart sendemann. Odd heldt eit framifrå foredrag. Ikkje tåkeprat - men klåre ord. Ein fagmann. Ein mann for framtida. For landbruket. (foto: øystein moi )

 

To sentrale personar i arrangementskomiteen. Jon Leif Eikaas (t.v.) og Knut Helmer Feltstykke.  (foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Fylkesleiaren i Aust-Agder Sau & Geit, Kåre Blålid var hjarteleg tilstades. Her i tett samrøre med leiaren i Lillesand Bondelag, og fylkesstyremedlem i Bondelaget, Marit Gunn Tveit.  (foto: øystein moi )

 

To umåteleg gilde gutar frå Songdalen. Her er mykje fagkunnskap samla på få kvadratmeter. Rune Undheim (t.v.) og Halvard Bjerland. (foto: øystein moi )

 

Ordføraren på Vegårshei, Kirsten Helene Myren, hadde teke med seg ektemannen - den vidgjetne grisebonden Alf Eivind på Sørlandssamlinga. Omtykte folk langt utanfor eigen røystekrins. (foto: øystein moi )