- Verda vert på mange måtar mindre, reisetida vert kortare - og folk reiser stadig meir. På tvers av både kommunegrenser og landegrenser, seier Vinjerui.
- Dette er samstundes ei utvikling, og ei utfordring, som me gradbrukarar må ha plass til i bakhovudet til ei kvar tid.
Me ynskjer sjølvsagt å vere det gode vertskapet - me ynskjer sjølvsagt godtfolk flest velkomen til gards.
Dette skaper likevel nokre utfordringer, og nokre problemstillinger, som me må vere godt førebudde på.
Det er viktig å ha ein oppdatert plan på kvart einskild gardsbruk - ein plan som fortel kva ein skal gjere dersom eit eller anna skjer i fjoset - eller ute på sumarbeite.

Torsdag 15.juni, kl: 19:00 ynskjer me difor velkomen til ein lærerik og viktig kveld på menighetshuset i Øvrebø.

Programmet vil m.a. innehalde desse aktuelle postane:

- Odd Finnesland: Salg og kjøp av livdyr

- Roger Greibesland: Praktisk smittevern

- Mattilsynet: Om regelverket

- Veterinær : Praktiske ordninger m.m.

- Eivind Odd Kallhovd og Kay Arne Aarseth ( Tine ) - om smittesluser som fungerer

                       

                                                                    - Vel møtt -