Foto: øystein moiDet  er eit dramatisk oppslag i den tabloide dagspressa i dag som gjer at me finn det naudsynt å kontakte lokale fruktdyrkarar. I Hardanger, sjølve skattkammeret i norsk epleproduksjon, melder dei om den kleinaste eplehausten sidan katastrogfeåret 1965.
På Longerak, ei lun og triveleg oase - tett attmed Byglandsfjorden, er stoda annleis. Her driv Sigrid, og ektemannen Dagfinn, med epleproduksjon.
- Det ser ut til at dette vert for eit normalår å rekne, seier Sigrid som reknar med å hauste inn omlag seks tonn med velsmakande eple dei næraste dagane.
Største problemet så langt i sesongen he vore å halde rådyra på trygg avstand frå eplehagen. Dette har sjølvsagt Sigrid funne ei velfungerande løysing på. Ein godt brukt reiseradio, plassert midt i eplehagen, sender politiske debattar, fengjande diskorytmer og gamle svisker beinveges ut i kulturlandskapet.
Rådyra på Longerak he funne seg nye beiteområde - lenger sør i dalføret. Sigrid og Dagfinn melder om strevsome dagar og seine kveldar. Ein eplehaust heilt på det jamne.