Ein av dei som gjev støtte til at landbrukssamvirka skal regulere marknaden er honndølen Sven Reiersen.
Han driv sjølv med sau og ammekyr,og he dei siste åra investert stort i nye driftsbygninger heime på garden på Tveit.
- For oss i distrikta, med små leveransar, er ordninga særs viktig. Mottaksplikta gjer at prisane er føreseielege, både for oss og for forbrukarane, seier Reiersen til Nationen i dag.
Han fær god støtte av nestleiaren i Norges Bondelag, Brita Skallerud. - Me har sett kva som skjer i produksjonar utan marknadsordning, som kylling og grøntbransjane. Der er det tøft for tida , seier ho. Skallerud avviser tvert at marknadsreguleringa vert ei sovepute for bøndene.

 

Her kan du lese eit intervju med Sven Reiersen som stod på prent i bygdebladet "Moisund.com" i året 2011.