Eikaas var som vanleg i strålande humør, og det tok ikkje lange tida før låtten ljoma mellom veggane på Quality Hotell. Ein framifrå møteleiar. Ei uhøgtideleg og lett tone slik det høver seg når godtfolk frå heile Agder samlast til gjestebod.
330 sjølvstendig næringsdrivande som kvar og ein representerer den kanskje aller viktigaste næringsgreina i heile verda.
Mange skarpskodde fagfolk nytta høvet til å helse møtelyden - og ikkje minst til å minne kvar einskild bonde på kor avgjerande nettopp dei sjølve er i denne livsviktige næringskjeda.
Dyrehelse, dyrevelferd, folkehelse - og ikkje minst sunn trygg mat var omkverve som dei aller fleste foredragshaldarane var innom i sine innlegg.
Her var representantar frå tunge aktørar, og smarbeidspartnarar, som m.a. Mattilsynet, Tine og Nortura. Ja sjølvaste landbruksdirektøren på Agder, den venesæle og stillfarne Tore Haugom, helsa møtelyden med nokre velvalde ord frå sitt omfattande kompendium.

Møteleiar Jon Leif Eikaas  (foto: øystein moi )

Ein he lenge vore klår øve at norsk dyrehelse - og norsk mattryggleik i mange år he ligge på den absolutte verdstoppen. Dette er fakta som og vart tydeleg dokumentert på storskjermen denne fredag ettermiddagen. Ein dokumentasjon som, utan atterhald, norske bønder - og norske matprodusentar kan vere umåteleg stolte av. 
Matproduksjon er så visst ikkje for amatørar - og i storsalen på Quality Hotell denne fredagen sat meir enn 300 fagfolk og nikka samtykkjande til kvarandre. 
Dei hadde så avgjort noke å vere stolte av. Kvar og ein.

Eit av høgdepunkta på dagen var så avgjort då den sjølutnemnde Humørbonden, Geir Styve, fortalde om sitt utradisjonelle bondeliv på eit lite einbølt og brattlent gardsbruk på Vestlandet.
Ei fantastisk vitneprov på korleis han i årevis måtte sloss mot det vidgjetne Bygdedyret - og ikkje minst korleis han i oppbyggjingsfasa måtte sloss mot ei uendeleg rekkje med kommuale og statlege bremseklossar.

Foto: Privat / Humørbonden”Eg ser for meg at Bygdedyret er eit ufyseleg pelskledd vesen som snik seg rundt mellom husa for å spreie si gift. Brått kløyver det seg i to delar som raskt veks til full storleik og kjapt kan dele seg på ny. Snikande fer dei rundt og markerer sitt revir, og kvar einaste ein stinkar verre enn eit dusin hannkattar. Kvesande slengjer det av seg Jantelova sine paragrafar: «Du skal ikkje tru at idèen din er noko god, og du er ikkje betre enn oss fordi om du har ein idé, og vi skal no vente og sjå, dette går heilt sikkert ikkje bra likevel»
 
I dag er Geir Styve ein lukkeleg bonde heime på småbruket. Ein fantastisk mann som he jaga Bygdedyret langt ut av kommunen. Langt bort frå heimbygda.
Det gode humøret er hans aller viktigaste hjelpemiddel når han året rundt ferdast kring i heile Noreg og held foredrag for både næringslivstoppar, forretningsfolk av ulike slag - og ikkje minst for den norske bondestanden.
Når Geir Styve er ferdig med sitt foredrag sitt dei aller fleste att med ei god kjensle i lekamen. Eit smil kring munnen - og ikkje minst eit dugeleg påfyll av mange gode ord. Ord til ettertanke. 
 
Sørlandssamlinga er så avgjort ikkje berre samling kring faglege spursmål som lausdriftkrav i mjølkefjoset, trugande bakteriar i husdyrhaldet, øveproduksjon av norske kjuklingar og ettermælet til Sylvi Listhaug.
Seinare på kvelden vert lusekofta og fleecegenseren byta ut med dressjakke, nystroken skjorte og blankpolerte lakksko.
Få, om nokon, veit betre enn norske bønder å verdsette eit velsmakande måltid med norskprodusert grisekjøt, stuttreiste poteter, velsmakande drikke frå øvste hylle - og ei smilande og blid bondekjerring i armkroken.
Festmiddagen vart eit av mange høgdepunkt på den 37. utgåva av Sørlandssamlinga. 
Kva som hende seinare på kvelden, kring peisen inne i den velfyllde sjenkestova, lyt vere ein løyndom fram til januar 2017. Då er det klårt for ei ny Sørlandssamling.
Då kan det vere høveleg å mimre litt om kva som hende i fjor - og drøse  eit grann om kva for planar ein he for framtida.